Musea i Sogn og Fjordane har samlingar som representerer breidda i kunst- og kulturarven i regionen. Meir enn 120 000 kultur-, kunst- og naturhistoriske gjenstandar, bygningar og båtar vert tatt vare på for ettertida, og nytta i samband med forsking, formidling og utstilling.
Avdeling for forsking og bevaring
Har ansvar for å forvalte, verne, sette i stand, dokumentere og gjere tilgjengeleg samlingane for ålmenta. Vi forvaltar kunnskapen om samlingane, korleis dei vart tillaga og nytta, og forskar på den samfunnskonteksten dei historisk var ein del av og den rolla dei spelar i dag. Avdelinga forvaltar dei kulturhistoriske bygningane, gjennom antikvarisk vedlikehald og ivaretaking av tradisjonshandverket som har vore nytta historisk.
Mesteparten av gjenstandane vert oppbevart på magasin, og ei viktig oppgåve for avdelinga er å gjere samlingane digitalt tilgjengeleg, både for museets tilsette og for andre interesserte. I samband med etablering av nytt fellesmagasin, vil vi etter kvart styrke tilhøva for publikum til å sjå på samlingane.