Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Brun industribygging med blå himmel som speglar seg i store vindauge.
Tinghuset

Magasin for kulturhistoriske gjenstandar og kunst hjå Musea i Sogn og Fjordane

Trygg oppbevaring, betre tilgjenge

I Tinghuset sikrar vi at gjenstandar og kunst som ikkje er i utstilling, får trygg oppbevaring og er lett tilgjengeleg for forsking, samlingsforvalting og publikum.

Tinghuset opna 2. februar 2024. Det skal sikre gode forhold for mange av dei 120 000 museumsgjenstandane våre. Flyttinga er i gang, og vil halde på i nokre år. Gjenstandar som ikkje har tilfredsstillande lagringsforhold lokalt, og spesielt gjenstandar med særleg høg kulturhistorisk verdi, er blant dei prioriterte.

Grundig prosess for inntak

Når gjenstandane kjem hit, vert dei plassert i ei mottakssone. Der vert dei pakka ut og reingjort før dei går vidare til insektsbehandling. Alle gjenstandane som skal inn på Tinghuset må behandlast for skadedyr. Dette kan vi gjere gjennom varmekammer, frysing eller karantenepakking.

Gjenstander som toler det, skal igjennom varmekammeret for å ta livet av skadedyr.
Varmekammer som held 55 grader celsius.

Etter ei slik behandling går ferda vidare til fotografering, registrering og pakking for magasin. Både nye foto og oppdaterte opplysningar vert gjort tilgjengeleg på Digitalt Museum.no.

Alle gjenstandar får sitt unike nummer og ei hylleplassering, før dei vert plassert i det magasinet og i den hylla dei skal høyre heime. Der får dei ideell temperatur og luftfuktigheit for langtidslagring. Ved hjelp av gode system og teknologi, vil dei her ligge lett tilgjengeleg for å ta ut til utstillingar eller nærare undersøkingar og forsking.

Rekker med stålreolar i grått og raudt.
Magasin for store gjenstandar

Dei tilsette på Tinghuset

Samlingsforvaltar er fagleg ansvarleg for handtering av gjenstandssamlingane i Musea i Sogn og Fjordane, inklusive transport mellom dei lokale musea og fellesmagasinet Tinghuset. Vedkommande har hovudansvar for å sikre at handtering og bevaring av samlingane i Musea i Sogn og Fjordane er i samsvar med prosedyrar og retningslinjer i samlingshandboka, og for å koordinere forvaltingssamarbeid med Bevaringstenestene.

Magasinforvaltar er fagleg ansvarleg for magasin og oppbevaringstilhøve ved Musea i Sogn og Fjordane. Han fører oppsyn både med Tinghuset og magasina ved dei lokale musea. Vedkommande har hovudansvar for å sikre at magasin og gjenstandslager er i god teknisk stand og oppfyller gjeldande krav til klima- og skadedyrkontroll. Magasinforvaltar har ansvar for åtgangskontroll til fellesmagasin og for at rutinar for tilgang til magasin ved musea er i samsvar med prosedyrar og retningslinjer i samlingshandboka.

Prosjektmedarbeidar er tilsett i ei mellombels stilling for å stette samlingsforvaltingsarbeidet i samband med innflytting i Tinghuset. Arbeidet inkluderer tilstandsvurdering, preventiv konservering, registrering, pakking og plassering av gjenstandssamlingane.

Kontakt Tinghuset

Tinghuset ligg i Angedalsvegen i Førde. Kontakt konservator Kristine Ness på e-post krines@misf.no om du har spørsmål.

Publikumsdel kjem seinare

Bygget er ikkje heilt ferdig, og difor er heller ikkje alle funksjonane på plass. Det er planlagt at Tinghuset skal ha ein eigen publikumsdel med studieplassar, undervisningsrom og publikumsmagasin. Slik det er i dag, er ikkje Tinghuset opent for besøkande.

Industribygg med brun fasade i midten  og ein grå fløy på kvar side.
Magasinet er eit ombygd fabrikkbygg som lagde emballasje, Ramstad eskefabrikk.

Det største magasinet på Tinghuset er heller ikkje ferdig. Dette vil innehalde mindre gjenstandar og tekstilar. Vel 27 millionar kroner manglar i finansiering for denne delen av bygget. Musea i Sogn og Fjordane arbeider for å sikre nødvendige midlar.

Tidslinje

2024 Den 2. februar vart Tinghuset opna av kulturminister Lubna Jaffery.

2023 Fellesmagasinet får namnet Tinghuset.

2022 Signering av kontrakt og anleggstart med Åsen & Øverlid.

2021 Anbodsutlysing - oppgradering av fabrikkbygningen til magasin.

2019 Kulturdepartementet og Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver til saman 60 millionar kroner til fellesmagasin i Angedalen.

2018 På grunn av manglande finansiering blir «Kløften» skrinlagt til fordel for eit fullverdig fellesmagasin i Ramstad eskefabrikk.

2017 Musea i Sogn og Fjordane kjøpte Ramstad eskefabrikk i Angeldalen for 11,8 millionar kroner for ei delt løysing med eit nedskalert «Kløften».

2015 Finansutvalet i fylkeskommunen vedtek å nedskalere «Kløften»

2011 «Kløften» vann arkitektkonkurranse som fellesmagasin i Movika. Finansiering let vente på seg i åra som kjem.

2009 Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane vert etablert.

2007 Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek å ta ansvar for å realisere fellesmagasin for musea i fylket.

2007 Rapport slår fast at Musea har eit samla magasinbehov på 3000 kvadratmeter. Oppbevaringstilhøva for store deler av samlingane er for dårleg.

1998 I Sogn og Fjordane fylke sin Museumsplan 1998-2001 er etablering av sentralmagasin for alle musea tatt med som ei av dei viktigaste oppgåvene i sektoren.