For eitt år sidan opna vi det nye museumsmagasinet vårt, Tinghuset. Der skal vi ta vare på titusenvis av gjenstandar og kunst i åra som kjem. Skrinet, med merkelappen SUM.00026 er ein av dei. No skal du få bli med på ei lita reise frå det blir levert på mottak, til det får si endelege hylleplassering. Kanskje løyser vi gåta på vegen?
Dette veit vi så langt. Nummeret fortel at det er den 26. gjenstanden Sunnfjord Museum registrerte i samlinga si. Dei opna dørene første gong i 1926, så det må ha vore lenge sidan. På undersida er det skore inn 1792. I tillegg veit ein at det kjem frå Askvoll.
"Eureka! Eg har funne ut av det!"
Vi byrjar i mottaksrommet. Aller først skal koden knekkast. Pensjonert museumdirektør Gunnhild Systad og konservator Asbjørn Tyssen er invitert inn for å hjelpe til. Skrinet har nemleg vore opna før, men av no avdøde museumshandverkar Jon Barlund.
– Vi hadde det føre oss mange ganger. Så ein dag tok Jon Barlund det med seg inn på det vesle kottet sitt av eit kontor. Der sat han nok og putla med det inni mellom. Så, plutseleg ein dag, kom han. Det var som Arkimedes med "Eureka! Eg har funne det", seier Systad og ler.
Det var vill jubel. Dei andre fekk prøve etter hans instruksjonar. Men ingen skreiv det ned den gong. Så gjekk tida, løysinga vart gløymt. No prøver dei igjen.