Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Kvinne med raud kåpe og svart hør. KVite bommulshanskar. Framfor ein reol med eit treskrin i.
Publisert 02/02/2024
Av Henning A. Hellebust

Opna Tinghuset med skrin frå Jølster

Kulturminister Lubna Jaffery opna Tinghuset ved å sette inn eit skrin frå Jølster som den første gjenstanden i det nye fellesmagasinet til Musea i Sogn og Fjordane.

– Musea i Sogn og Fjordane har endeleg fått seg sitt etterlangta fellesmagasin. Dermed er det også ein stor nasjonal dag, for med dette så sikrar vi at alle dei nasjonale klenodia som de forvaltar, frå båtsamling, gjenstandar frå tidlegare folkeliv og kultur, til Nikolai Astrup sine nasjonalromantiske verk, no får den optimale bevaringa som gjenstandane fortener, sa Lubna Jaffery til eit femtitals frammøtte i Angedalen.

Ho trakk fram det rasjonelle i prosjektet ved å gjenbruke ein gamal fabrikk, og at samlingane no ikkje blir gøymde vekk og gløymde, men gjort lett tilgjengeleg for forsking og formidling, både på staden og til utlån.

Kvinne med raud kåpe, svart hår og kvite hanskar set eit skrin i hylla, NRK filmar.
Skrinet vert den første gjenstanden som offisielt får plass i Tinghuset.

Etterpå tok ho på seg kvite bomullshanskar og løfta høgtideleg opp innviings-tingen: Eit rikt dekorert treskrin. Så vart dørene til magasinet opna, og ho bar det inn og plasserte det på hylleplassen sin som den første gjenstanden offisielt på plass. Tinghuset var no opna.

Skrinet kjem frå Stardalen i Jølster og er den første gjenstanden som får hus i fellesmagasinet. Det er valt ut til fordi det var det også var den tingen som først vart tatt opp ved Sunnfjord Museum, tilbake i 1925, og fekk nummeret Sum.00001. Skrinet var truleg også utstilt då Sunnfjord museum opna dørene for første gong i 1926. Med sine vakre utskjeringar av seksbladroser og rutemønster, er skrinet også representativt for samlingane til musea.

Nærbilde av treskrin med utskjæringar og ein rusten nøkkel.

Musea i Sogn og Fjordane har over 120.000 gjenstandar i samlingane, og mange av dei vil finne vegen til Tinghuset.

– Etter at musea vart konsolidert i 2009, har vi fått muskulatur og evne til å drive god samlingsforvaltning, og passe på at gjenstandar og bygningar har det bra. Dette vi gjer i dag er ein viktig milepåle for oss i det arbeidet. Eg trur ikkje det hadde vore mogeleg å gjennomføre prosjektet på denne måten med ni mindre museum, sa administrerande direktør Jan Heggheim under opninga.

Smilande mann i dress snakkar i mikrofonen.
Administrerande direktør Jan Heggheim held si velkomsttale.

– Gratulerer med dagen til alle i heile landet. Dette er ein nasjonal storhending. Musea brukar gjenstandar for å fortelje ein historie, og det er vår felles historie. Bak musea sine utstillingar står det eit enormt arbeid med å bevare gjenstandane, også dei som ikkje er vist enno. Dei skal bevarast for framtida, og det er Tinghuset her har som funksjon. Eit velfungerande magasin er nødvendig for å forvalte salingane på ein god og framtidsretta måte, sa varaordførar Stian Davies i Vestland fylkeskommune.

To med ordførarkjede og kulturministeren framfor kameraet.
Kulturminister Lubna Jaffery, varaordførar Stian Davies i Vestland fylkeskommune og ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune får omvising.

Styreleiar i Musea, Ivar Kvalen fortalde at tanken om å f åpå plass eit fellesmagasin for musea i området byrja tidleg på 1990-talet, og dermed har tatt over 30 år å realisere.

– Ein kan på mange måtar sei at å drive museum er eit arbeid blant dei lange linjene. Vi har gjenstandar som kanskje er to og tre og fire hundre år gamle, og vi tek vare på dei så vi kan sjå dei om er to og tre og fire hundre år 400, ja kanskje i evig tid. I den samanheng er kanskje ikkje 30 år ei lang tid. Når vi står her i dag, kan vi trygt sei at vi er glad for at dagen endeleg er her, sa Ivar Kvalen.

Alvorleg mann med dress og slips snakkar i mikrofonen.
Styreleiar Ivar Kvalen var opptatt av langtidsperspektivet til musea, og lufta omgrepet "evig tid".
To kvinner, ei på kvar side av ein dresskledd mann, alle smilande.
Skodespelarane Idun Losnegård og Kornelia Melsæter frå Teater Vestland framførte teksten "Ting", eit bestillingsverk av Terje Lyngstad. Jan Heggheim sette stor pris på både framføring og teksten.
MAnn med dress står framfor den innramma teksten
Terje Lyngstad måtte finne seg i å bli avbilda ved sidan av teksten han har bidratt med. Mellom anna inspirert av Kant, handlar den om tinga i verda og i liva våre og på musea - alt har ein historie og dei opnar både tid og rom.
Kvinne med oransje topp, gul bukse og kassegitar.
Artisten Thea Hjelmeland frå Førde sette steming og fekk fram kjensler under opninga.
Mange festkledde tilskodarar.
Gjestene var ei blanding av museumsfolk, politikarar, eigarkommunar og andre personar som har vore involverte i å realisere Tinghuset. I såkalla rein sone måtte alle ha på blå sokkar.
Pynta folk i magasinet, framfor tomme reolar.
Avdelingsdirektør Thomas Walle i avdeling forsking og bevaring hadde med seg statsråd, fylkesvaraordførar og ordførar på omvising.

Økonomiske rammer for Tinghuset.

Ramma for avtala med hovedentreprenør Åsen og Øverlid er på 62 millionar kroner. Byggesteget har ei kostnadsramme på 76 millionar kroner. Kulturdepartementet har løyvd 40 millionar, fylkeskommunen 20 millionar. Dei resterande kostnadene har Musea i Sogn og Fjordane mellom anna med eigenkapitalinnsats.

Det manglar framleis 27 millionar kroner for å fullføre bygget. Det som står att for at alle funksjonane i bygget skal verte ivaretekne, er publikumsdelen med studieplassar, undervisningsrom og publikumsmagasin, pluss eitt større magasin for mindre gjenstandar er ikkje klart.

Tidslinje for Tinghuset

  • 2024 Andre februar vert Tinghuset offisielt opna av kulturminister Lubna Jaffery.

  • 2023 Tinghuset er delvis ferdig og blir overlevert frå entreprenør 21. desember.

  • 2023 Fellesmagasinet får namnet Tinghuset.

  • 2022 Signering av kontrakt og anleggstart med Åsen & Øverlid.

  • 2021 Anbodsutlysing - oppgradering av fabrikkbygningen til magasin.

  • 2019 Kulturdepartementet og Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver til saman 60 millionar kroner til fellesmagasin i Angedalen.

  • 2018 På grunn av manglande finansiering blir «Kløften» skrinlagt til fordel for eit fullverdig fellesmagasin i Ramstad eskefabrikk.

  • 2017 Musea i Sogn og Fjordane kjøpte Ramstad eskefabrikk i Angeldalen for 11,8 millionar kroner for ei delt løysing med eit nedskalert «Kløften».

  • 2015 Finansutvalet i fylkeskommunen vedtek å nedskalere «Kløften».

  • 2011 «Kløften» vann arkitektkonkurranse som fellesmagasin i Movika. Finansiering let vente på seg i åra som kjem.

  • 2009 Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane vert etablert.

  • 2007 Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek å ta ansvar for å realisere fellesmagasin for musea i fylket.

  • 2007 Rapport slår fast at Musea har eit samla magasinbehov på 3000 kvadratmeter. Oppbevaringstilhøva for store deler av samlingane er for dårleg.

  • 1998 I Sogn og Fjordane fylke sin Museumsplan 1998-2001 er etablering av sentralmagasin for alle musea tatt med som ei av dei viktigaste oppgåvene i sektoren.

Sjå fleire nyheiter

Sjå alle her