Holvikejekta frå 1881 er den einaste autentiske klinkbygde jekta i sitt slag. Ein historisk edelstein. Den 6. juni opnar vi eit heilt nytt museumsbygg for den i fjordkanten på Sandane i Gloppen.
Endeleg kan vi ta skikkeleg vare på Nordfjord Folkemuseum sin aller første gjenstand. Endeleg kan vi sleppe publikum inn på dei mektige skutesidene, for å studere kva bøndene inst i Gloppefjorden på imponerande vis hogg saman på to-tre månader i 1881. Endeleg kan vi fortelje om korleis jektefarten var den økonomiske livsåra langs kysten fram til byrjinga av 1900-talet.

For fram til den tid gjekk det hundrevis av jekter – den tidas frakteskuter – langs kysten. Då desse trebåtane gjekk ut av bruk på byrjinga av 1900-talet, vart dei først kanskje ombygd og fekk motor, eller så vart dei etter kvart senka eller brende. Det var ikkje bruk for dei lenger. Det skjedde ikkje med Holvikejekta. Difor har den i lang tid har vore det einaste eksemplaret som er att av denne type båt. Den vart sett på land etter sin siste tur i 1906, og sidan har den stått urørt.

Entreprenørskap i fjordbygdene
Det gjer den så viktig. Holvikejekta fortel ei historie om det sterke entreprenørskapet i fjordbygdene. Om korleis handelen mellom by og land gjekk føre seg på Vestlandet i mange hundre år. Om bønder som bygde sine eigne båtar, frakta varene sine til Bergen, der dei gjekk inn i rolla som handelsmenn. Då selde dei veden, nevra, tønnene, båtane, tøyet, mastestolpane eller andre varer som var tilverka på garden gjennom ein lang vinter. For kontantoverskotet kjøpte dei korn, salt, kaffibønner, erter, sukker, tobakk, drikke, medisin, bruksting og alt det bygdene elles hadde lite av. Den fortel historier om sjømannskap, kulturutveksling, nedarva handverk og meir.

På det nye museet Holvikejekta Nordfjord Folkemuseum kan du først og fremst oppleve den overveldande båten, men også lære om kva den representerer.
Unesco si verdsarvliste
Du vil få innblikk i klinkbyggartradisjonen, som er på Unesco si liste over immateriell kulturarv. Her er også ei utstilling med nordfjordbåtar, som er dei lokale kvardagsbåtane som det på det meste vart produsert hundrevis av – kvart år – i Gloppen.