Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Nokre få publikummarar vert små ved sidan av ei stor treskute, som står på klossar på eit golv.
Publisert 24/04/2025
Av Henning A. Hellebust

Endeleg ferdig - Holvikejekta har fått ny heim

Etter elleve månader bygging kunne Musea i Sogn og Fjordane endeleg overta eit ferdig verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta. No byrjar innspurten fram til opning for publikum.

– Det har vore mange milepålar med dette prosjektet, og dette er definitivt ein av dei. No er huset som det skal vere og vi veit at Holvikejekta har ein trygg heim. Klimaanlegget er i gang, vi har fått gjort dei restaureringane på båten som vi ønskte. Kulturhistorikaren i meg er veldig glad og letta, seier museumsleiar ved Holvikejekta Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe.

Smilande kvinne står på messanin ved sidan av gamal skute.
Anne Kristin Moe er på ramepn, som publikum kan følge frå golvplan til heilt opp under taket. Det gjev mogelegheit til å studere båten frå alle vinklar. Det ser nesten ut som jekta svevar. Ho er stabilisert av vaierer som er festa i taket.

Det var ein trå start. Først viste det seg at det vart dyrare å bygge enn ein først hadde fått finansiering for. Det medførte ei ny runde med å hente inn pengar frå både fylkeskommunen, kommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og eigenkapital frå musea. Samtidig vart det kutta noko i kostnadene. Så fann grunnundersøkingane at det var kvikkleire i grunnen. Det forsinka prosjektet ytterlegare njokre månader, og gav ein meirkostnad på over to millionar kroner. Men, i mai i 2024 vart grabben sett i jorda. Sidan har det gått i eitt.

Stolt entreprenør

– No er vi stolte av det vi har fått til og det vi har fått levert. Som prosjektleiar er eg nøgd med at har fått levert på tid, økonomi og kvalitet. For meg har det vore utruleg kjekt å vere med på eit prosjekt som betyr så mykje for Sandane og dei som bur her. Folk har stoppa meg på butikken og spurt korleis det går. Som prosjektleiar er eg ikkje van med slikt engasjement, det var ei ny erfaring, seier Øyvind Tåsåsen.

Fem personar står i strandkanten med svart, nytt bygg i bakgrunnen.
Anne Kristin Moe, Øyvind Tåsåsen, Jan Heggheim, Hans Arne Lundestad og Jan Olav Humborstad i strandkanten framfor nybygget.

Det er lokale verksemder som har gjort hovudjobben, med Veidekke bygg som totalentreprenør.

– Prosjektet hadde treig start med grunnforhold og forbelastning, før ein tok kontroll på usikkerheita og fekk sett i gong prosjektet. Derifrå har det vore ein kort og intens byggeperiode fram til mål her i dag, seier prosjektleiar Jan Olav Humborstad ved Veidekke bygg.

Han skryt over samarbeidet med Musea i Sogn og Fjordane, der spesielt prosjektleiar har vore tett på og bidratt til kjappe avgjersler når det har vore behov for det.

Spiss bygning i siluett mot himmelen.
Slik ser bygget ut ved ankomst. Til høgre er dei gamle stallane.
Småbåthavn i forgrunnen, det spisse, svarte bygget til holvikejekta litt på andre sida av fjorden.
Til venstre for nybygget er det sett opp ei brygge. Under og bak den, skal det såast i strandeng.

– Vi har lært ein del nye ting. Utvending kledning som er brent har vi ikkje vore borti før. Vi har heller ikkje montert så mange bygg i massivtre på denne måten. Volum og romstorleik og det at det er ei museum er jo heller ikkje kvardagskost. Vi er stolt over det vi har levert. Det er godt å ha utført det. Vi takkar for oppdraget, seier Humborstad.

Opnar for publikum 6. juni

No står det att seks veker til dørene opnar for publikum. Fram til då skal det skje mykje.

– Det er eit flott utført bygg, og i dag er verkeleg ein milepåle. No kan vi byrje på det arbeidet som for oss kanskje er viktigast, nemleg å lage formidlingsarenaen til publikum, seier administrerande direktør Jan Heggheim, som har vore tett på prosjektet under vegs.

– Dette kjem til å bli ein kjempeviktig arena for oss. Det gjev oss høve til å løfte fram korleis folk bevegde før dampskipa verkeleg kom. Det tykkjer eg vi kan få fram her på ein veldig fin måte, seier Heggheim.

Tre kvinner framfor treskute.
Museumsvert Ingvild Førde, ekstrahjelp Margret Sande og pedagog Karoline Eide gler seg til å møte publikum.

Så no blir det jobba intenst med å gjere klart for publikum. Museet vil bli rikeleg utstyrt med kunnskap om Holvikejekta, jektefart generelt og ikkje minst om klinkbyggararven.

– No ser vi korleis vi kan formidle dette til publikum, og det blir kjempegreier . Det er jo dette vi har drøymt om, å kunne formidle jekta på ein måte som var ho verdig og som alle besøkande fortener, seier Anne Kristin Moe.

Uteområde framfor svart bygg med ståltak.
Her blir det ein fin promenade.
PErsonar studerer skroget på gamal skute.
Ein kan følgje rampen opp i høga.
Vi ser ned i ei gamal skute. Her ser vi konstruksjonen.
Slik ser jekta ut frå eine rampen. Vaierar held jekta i balanse.

Les fleire nyheiter

Sjå alle