Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Smilande mann framfor trekvitt stabbur.
Publisert 27/10/2025
Av Henning A. Hellebust

Nytt løft for forsking i musea

Kor logisk er eigentleg eit skilje mellom natur og kultur? Stort forskingsprosjekt skal sjå på korleis og i kva grad musea har vore med å skape og oppretthalde dei to som motsetnader.

I museumeverda har vi kulturhistoriske museum og naturhistoriske museum. Dei skildrar det som er menneskeskapt eller naturgitt kvar for seg. No har vi klima- og naturkrise og ein planet i endring på grunn av menneskeleg aktivitet. Opplysingstida sitt idegrunnlag om eit slikt skilje er difor overmogent til å gå etter i saumane, også i musea.

– Skiljet er kanskje medverkande til den situasjonen vi står i. Vi har distansert oss frå naturen. Det skaper ein viss måte å forhalda seg til den på. Ein påstand er at musea har vore sentrale i å vise fram, oppretthalde, reprodusere dette skiljet. Når vi også har delt inn musea slik, gjer det oss ikkje berre til nøytrale vidareformidlarar, vi har vore med å skape motsetnaden. Det må vi sjå kritisk på, seier Thomas Walle, direktør for forsking og bevaring ved Musea i Sogn og Fjordane.

Seks millionar frå forskingsrådet

Nyleg fekk Musea i Sogn og Fjordane, Museum Vest, Hardanger og Voss museum og Universitetet i Bergen sitt institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap tildelt seks millionar kroner frå Norges forskningsråd for å forske på dette temaet. Eller - "Museets natur: Om sammenvevingen av natur og kultur i museer", som prosjektet heiter.

Det er eit treårig prosjekt som vil vere viktig for å løfte forskinga i musea. Det skal finansiere eit doktorgradsstipendiat (som gjerne kan rekrutterast frå eitt av musea) i tillegg vil deltakarane publisere minst fem vitskapelege artiklar. Dessutan vert det samarbeid gjennom seminar og konferansar, for å nemne noko.

Mann med vernebriller høgg is tein med ei hakke.
I Hyllestad har ein høgd ut kvernstein sidan tidleg vikingtid, men steinen er danna for 400 millionar år sidan. Korleis forstå og formidlar vi dette i Kvernsteinparken. Kva er natur og kva er kultur?

Her er nokon av tilnærmingane:

  • Grave i korleis skiljet kjem til uttrykk i musea våre, men også om det er museumsformer hjå oss som tenkjer meir integrert, som kystmusea. Der verkar det på meg som om at den økologiske bevisstheita er større.

  • Eit anna fenomen som følgjer av dette, er forståinga av tid, temporalitet. Grunnlaget for steinen i Kvernsteinsparken reknast i geologisk tid på mange hundre millionar år, men utvinninga av Kvernstein byrja for 1200 år sidan. No gror kulturlandskapet att. Plast har vi hatt eit par generasjonar, men restane vil vi finne att om 100 000 år.

  • Så vil ein sjå nærare på verkelegheitsforståinga vår, ontologien. Vi tek for gitt at verda er delt mellom natur og kultur, medan andre kulturar tenker annleis om det. Enkelte urfolk kan til dømes meine at steinar og tre har sjel, og fleire folk i dag ønskjer å utfordre skiljet vi har mellom dyr og menneske. Som handverkarar går ein på eit vis inn i ei samtale med eit tre som kan få betydning for sluttproduktet. Ein som restaurerer Tystadstabburet (øvste bilete) må også ta omsyn til korleis treet vil fungere, det har også har ei form for intensjon.

Forskjell mellom musea i Vestland

Når det gjeld konkret forsking, vurderer Walle å sjå nærare på korleis skiljet mellom natur og kultur handterast og formidlast på ulike typar museum, til dømes Kvernsteinsparken, Havråtunet eller Lyngheisenteret, men dette er ikkje endeleg avklart.

Natur-kultur-skiljet vil også vere relevant for anna forsking i musea, om pelsdyr ved Nordfjord Folkemuseum, klima og miljøbevisstheit på Kystmuseet i Sogn og Fjordane, kulturlandskap ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Ei naturleg vidareføring av forskinga vil ein forhåpentleg sjå att i formidling og utstillingar i framtida.

Sjå andre forskingsprosjekt

Ny forskingsplan

Musea i Sogn og Fjordane har jobba over tid med å styrke forskinga og forskingskompetansen. I haust har vi vedteke ein ny forskingsplan, og dette prosjektet bidreg til å styrke arbeidet. Forsking er ein vesentleg del av samfunnsoppdraget vårt. Rammene er kunst og kulturarv i Sogn og Fjordane. Museet er ein kunnskapsinstitusjon på fleire måtar, men å forske fram ny innsikt og fakta er ein viktig del av det.

I dag har vi ti tilsette med forskarkompetanse. I større eller mindre grad driv dei forsking og publiserer vitskapeleg artiklar. Seks er såkalla vitskapeleg tilsette har skal nytte 20 prosent av arbeidstida til forsking, og musea legg til rette for å ta fag som kan auke kompetansen. Dei siste åra har vi også vore pådrivar for å bygge infrastruktur for forskingingssamarbeid i Vestland. Dette har har munna ut i eit forskingsnettverk for musea i fylket. Samarbeid styrkar og løftar forskinga til alle involverte.

Satsingsområde

Dei tilsette har samla seg om tre faglege satsingsområde ein tykkjer er særlege relevante for Musea i Sogn og Fjordane. Desse er:

  • Mangfald og representasjon – vi må sikre at underrepresenterte samfunnsgrupper vert betre representert i forsking, samling og formidling. Vi skal ha ei kritisk undersøking om kva som skaper og opprettheld makt i samfunnet og sikre oss mot blindsoner.

  • Kyst- og fjordkultur – korleis har kysten og fjordane som trafikkåre bidratt til å skape samfunna våre? Kva er den kulturelle, økonomiske og sosiale konsekvensen av geografien? Vi har dessutan ei særskilt plikt til å forske på klinkbyggartradisjonen, spesielt med auge for våre eigne sunnfjord- nordfjord- og sognebåtar.

  • Menneske og naturen – kulturlandskap, immateriell kulturarv, kunst, tradisjonar, berekraft og klima, ressursuttak. Det gjensidige høvet mellom menneske og natur. Kva praksisar, bygningsarv, materiell materiell kultur, tradisjonar, kunstnarlege uttrykk har vi.

Siste nytt

Sjå alle