Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
misf/2026-06-01_13-33_frida_rusti_utstilling_kunstmuseet-2.jpg.
Publisert 05/06/2026
Av Henning A. Hellebust

Kunstruta - fjord, fjell og kunstutstillingar

Få med deg mangfaldig kunst og vakre fjordlandskap på denne reisa gjennom Sogn og Fjordane.

Kva med å bruke litt av sommaren til å fråtse i kunstutstillingar, delt opp av ei spektakulær reise? Her er nokre forslag til kunstnarlege høgepunkt midt i fjordriket. Nedst på sida finn du oss på kartet - og innspel til andre høgdepunkt langs vegen.

KVinne og man stiller seg opp framfor bilete som heng på veggar i ei kunstustilling.

Menneskeverdet under lupa

I ei verd med krig, konflikt og polarisering, vert menneske dehumanisert. Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde svarar med å løfte fram menneskelege opplevingar frå heile verda i si nye utstilling «de:HUMANIZE».

Smilande kvinne med blå hanskar held eit oljemåleri av eit fargerikt rom i brun ramme.

Løftar fram gløymd storheit

Ho måla til ho var 102 år gamal, og spesialiteten var portrett av barn. Kurator Kristine Kolrud ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde har pakka den hardtarbeidande Frida Rusti (1861-1963) fram frå gløymselen med ei eiga utstilling.

Smilande kvinne står ved eit landskapsmåleri på eit staffeli, med det same landskapet i bakgrunnen.

Grøne høgdepunkt

Lærdal vert aldri det same etter at du har sett Hans Gjesme (1904–1994) sine grøne landskapsbilete derifrå. Kurator Ingrid Norum har sett saman utstillinga "Høgdepunkt", der du også får gjesmeperler av arkitektur, byliv, stilleben, portrett og skildring av sjukdom og einsemd på Gaustad sjukehus.

Innramma Astrupmåleri heng på tre galleriveggar.

Astruputstilling knuser myter

Mytane fortel at Nikolai Astrup kjempa imot sin konservative prestefar og vart kunstnar mot alle odds. Årets utstilling i Astruptunet viser at han trass alt vaks opp i ein kreativ heim, med mora som viktig støttespelar. Han var ikkje berre son av ein streng prest, men også sonen til ei veverske og forretningskvinne.

Lav morgonsol i grønt landskap med gamalt bygg.

Oasen i Jølster

I vår fekk hagen etter kunstnarparet Nikolai og Engel Astrup den høgthengane Europa Nostra kulturarvsprisen. Eit mangeårig restaureringsprosjekt i Astruptunet har gitt nytt liv i den grøne oasen. Her kan du oppleve eit mangfald av vekstar, rusle på stiane, kvile på benkane.

Smilande kvinne viser fram vevnader som heng på ein vegg.

Skaparkraft i vevstolen

Eikaasgalleriet i Jølster skildrar korleis kreative kvinner har funne eit levebrød gjennom vevstol og anna kunsthandverk i Jølster. Olin Steinsvik har vore med og samla vevnader og anna handverk, og fortel ei historie om hardt arbeid og lange trådar i utstillinga «Livsnerven – frå stove til atelier».

KVinne som pakkar ut eit nasjonalromantisk måleri av ein trebåt med segl på ein fjord.

Bileta som skapte turisthistorie

Med måleri av krappe fjordbølgjer eller ungjenter i folkedrakt, inspirerte Hans Dahl overklasse og kongelege frå Europa til å besøke Balestrand og Vestlandet. I ei ny utstilling viser Guri Våge Mossige ved Norsk Reiselivsmuseum korleis Dahl sette Norge på turistkartet.

Planlegg reisa her

Alle opplevingar - Musea i Sogn og Fjordane

Sjå alle