Bli med inn i utstillinga "Ein kreativ heim", og tettare på heimelivet i kunsten til Nikolai Astrup
Nikolai Astrup er ofte skildra som «heimen og familien sin målar». Han måla ofte barndomsheimen sin, prestegarden i Jølster, og då han og Engel Astrup flytta til Sandalstrand, vart også den nye heimen deira eit sentralt motiv. I utstillinga "Ein kreativ heim" møter du Nikolai nettopp på heimebane, med familie og kvardagsliv som set kunsten i eit nytt lys.
Eit nytt blikk
Kurator for utstillinga, Kesia E. Halvorsrud, tok si PhD-avhandling i 2023 med tittelen "Gutteboken som kompositum. Nikolai Astrups samling av barne- og ungdomstegninger". Hennar forskning har spesielt løfta fram Petra Astrup, som både lærar og støttespelar for Nikolai. Museumspedagog Olin Steinsvik tek dykk gjennom tematikken og dei små skjulte historiene.
Siste sjanse
Denne veka er det siste sjanse til å sjå utstillinga. Fleire av verka som er stilte ut no skal vidare til Japan for den store Nikolai Astrup turneen som startar i november.
*Billett kjøpast i galleriet ved ankomst eller i kafeen.
Varigheit: 20 min. Om du ønskjer å delta på omvising i husa anbefalar vi oppmøte kl 17.00