Astruptunet Astruptunet
astruptunet/besok-i-hagen-astruptunet.jpg.

Gruppebesøk i Astruptunet

Omvising og besøk for grupper

Ynskjer du å gjere noko sosialt saman med vener eller kollegaer?

På Astruptunet kan ein tinge omvising med anledning til å besøke den flotte hagen, husa og galleriet.

  • I hagen fortel vi om korleis Astrupfamilie nytta hagen - båe i kvardagen og i kunstverka.

  • I husa fortel vi historia om heimelivet hjå Astrupfamilien, i tillegg til atelieret til Nikolai Astrup.

  • I galleriet fortel vi om kunsten til kunstnarparet Engel og Nikolai Astrup, og vi har rullerande utstillingar med orginale verk.

Vi tek i mot grupper på bestilling, og tilpassar innhaldet etter størrelse på gruppa.
De kan og samlast i vår koselege kafé kor vi også kan tilby enkel servering som ein del av besøket.

De er hjarteleg velkomne inn i kunstnarparet Astrup si verd.

Praktisk informasjon

Tunet er vakkert i alle årstider, men vi har redusert ankomst ved større snøfall og i vintersesong.

For bestilling, henvend deg på e-post eller telefon:
E-post: solber@misf.no
Tlf: +47 47 47 65 81

Opningstider

20. juni — 9. august
Alle dagar 10.00 - 17.00 og onsdagar 10.00 - 19.00
Faste omvisingar 10.30, 12.30, 16.00 og ved behov. Utstillinga kan De sjå før eller etter omvising.
Siste omvising ein time før stengjetid.

Prisar

  • Omvising i kunstnarheim + galleri, vaksen*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, student/honnør*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, barn (under 18 år): gratis
  • Galleri, vaksen: 140,-

Her er vi

Astruptunet
Nikolai Astrups veg 1135
6847 Vassenden