Planlegg besøket ditt
Den naturskjønne heimen til Engel og Nikolai Astrup ligg idyllisk til ved Jølstravatnet. Vi tilbyr eit unikt utval av kunstnarparet sitt arbeid. Du kan nyte svele og vandre i dei frodige motiva frå måleria.
Her er vi
Kunstnarheimen Astruptunet ligg godt til på sørsida av Jølstravatnet.
Astruptunet
Nikolai Astrups veg 1135
6847 Vassenden
Opningstider
Billettprisar
- Barn (7-18 år) - galleri og omvising i husa: 50 kr
- Student/honnør - galleri: 75 kr
- Vaksen - galleri: 100 kr
- Gruppe (10+) - galleri: 75 kr
- Student/honnør - omvising i husa: 100 kr
- Vaksen - omvising i husa: 125 kr
- Gruppe (10+) - omvising i husa: 100 kr
- Familie (2 voksne + barn: 7-18 år): 250 kr
- Årskort vaksen: 300 kr
- Årskort familie (2 voksne + barn: 7-18 år): 500 kr
Minstepris utanom opningstid: 500 kr
Årskort gjeld frå kjøpsdato, og gjev fri inngong i eitt år. Årskortet gjer ikkje fri inngong til arrangement med eigne billettar eller gratis publikasjonar.
Kontaktinformasjon
6847 Vassenden
Parkering
Du finner gratis parkeringsplassar ved vatnet, like nedenfor tunet.
Kafé
Her får du heimelaga kaker og vaflar, med kaffe attåt. Om sommaren har vi òg småis.
Butikk
Vi har eit utval av handlenett, t-skjortar, fleire postkort og plakatar av Nikolai Astrup sine bilete. I tilegg har vi ein del bøker om Nikolai Astrup og andre kunstnarar.
Tilgjenge for rørslehemma
Det er vanskelig for rørslenedsette med rullestol i heile området, men vi hjelper deg meir enn gjerne. Send gjerne ei melding til museumsleiar Solveig Berg Lofnes: 47 47 65 81 / 99 20 26 76 på førehand.
Toalettfasiliteter for rørslenedsette og andre finnes i kaféen.