Astruptunet Astruptunet
astruptunet/astruptunet-gjester-4-1713954417.jpg.

Eit samlingspunkt i tunet

Kaféen

Kaféen i Astruptunet vart rehabilitert i 2023. Den ligg i kjellaren på Astrup-familien sitt hovudhus, Borgen. Du kan også nyte godsakene utandørs (bildet).

På menyen står heimelaga sveler og vaflar, kaffi og te. Om sommaren har vi òg småis. Om du har lukka med deg kan det hende at vi har rabarbrasaft og andre smakebitar frå hagen.

Vi følgjer opningstidene til resten av tunet.

Meny

  • Kaffi, kr 40,-

  • Te kr 15,-

  • Brus kr 40,-

  • Vaffel kr 40,-*

  • Svele kr 40,-*

*allergen: hvete, egg og melk

Suvernirar

Du kan kjøpe handlenett med Astrup-motiv, t-skjorter og postkort i kafeen. Eit større vareutval finnes i butikken i galleriet.

astruptunet/handlenett_astrup-msf-00291--foto_thomas_bickhardt-(1).jpg.
Handlenett med Astrupmotivet "Seljekallen".

Opningstider

20. juni — 9. august
Alle dagar 10.00 - 17.00 og onsdagar 10.00 - 19.00
Faste omvisingar 10.30, 12.30, 16.00 og ved behov. Utstillinga kan De sjå før eller etter omvising.
Det er ein fordel å ha sett utstillinga før siste omvising kl.16.00. (kl.18.00 onsdagar), då det vert lite tid etter omvising å sjå utstilling.

Prisar

  • Omvising i kunstnarheim + galleri, vaksen*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, student/honnør*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, barn (under 18 år): gratis
  • Galleri, vaksen: 140,-

Her er vi

Astruptunet
Nikolai Astrups veg 1135
6847 Vassenden