Dragehovuda står ut frå kvart av dei fire møna. Ein sveitservilla med norrøne utskjeringar reiser seg nede ved Sognefjorden. Ikkje langt derifrå har eit liknande praktbygg teke form eit par år tidlegare. Dei to eigarane er målarane Eilert Adelsteen Normann og Hans Dahl. Dei møttest på Düsseldorf Kunstakademi i Tyskland 20 år tidlegare. Der lærte dei seg å måle romantiske landskapsmåleri. No er dei i Balestrand, året er 1893, og dei elskar denne bygda.
– Dette var starten på kunstnarkolonien i Balestrand. Den dag i dag haustar Norge frukter av det dei skapte, seier Guri Våge Mossige. Ho er museumsleiar ved Norsk Reiselivsmuseum, og er kurator for utstillinga "Hans Dahl – med hjarte for Balestrand".
Eit reisemål vert til
Dahl brukte meir og meir tid i bygda. Medan andre kunstnarar byrja å måle meir realistiske bilete, heldt Dahl seg til den romantiske stilen, og målte bilete inspirert av naturen og folket i regionen. Desse selde han til den europeiske eliten gjennom utstillingar i metropolar som Paris, Berlin og London. Samtidig vart fleire kunstnarar inspirerte og kom til bygda. Stadig nye sveitservillaer skulle etter kvart prege strandlinja.
– Det skjedde mykje samtidig. Dampbåtane byrja å komme inn fjorden, Kviknes hotell var i drift. Skodespelarar, arkitektar, kunstnarar samla seg i bygda. Det vart eit miljø av kulturinteresserte som etablerte seg her, seier Mossige.
Samtidig kom dei som ville oppleve det dei hadde sett på måleria. Før både vegar og rutebåtar, byrja dei rikaste å finne vegen til vestlandsfjordane, Geiranger, Odda, Ålesund og Balestrand. På toppen av maktpyramiden kom sjølvaste Keisar Wilhelm den II av Tyskland. Om somrane frå 1910 til utbrotet av Første verdskrig i 1914, låg han i vekevis i Balestrand med den 120 meter lange yachten sin, Hohenzollern. Keisaren var ein ven av Hans Dahl, og ein hyppig gjest i Villa Strandheim. Merksemda var enorm.
Kontroversiell og kommersiell
– Dahl var ein teknisk god kunstnar, men det var kontrovers rundt måleria hans. Den gjekk ut på at nasjonalromantikken var utdatert. Den var ikkje realistisk, verkelegheita var pynta på. Men i Tyskland var det lenge ei romantisering av Norge og norsk natur, så Dahl traff betre der. Faktisk selte han så godt at han vart kritisert for å vere kommersiell, seier Våge Mossige.
Det var mange bilete av den ville naturen, smilande personar i folkedrakt. Oftast skein sola. Det skapte også ei oppfatning om Norge som Europas utpost – og dette lokka turistar frå kontinentet og Storbritannia hit. For Balestrand var nasjonalromantikken ein æra som på mange måtar har definert bygda.
– Kunsten som kunstnarkolonien skapte, har betydd mykje for framveksten av turiststraumen frå Europa til både Balestrand, regionen og Norge. Bileta fungerte som reklameplakatar og «selte oss inn». Dei konstruerte ein illusjon, slik også reklamen gjer i dag, seier Våge Mossige.
På slutten av 1800-talet ville den europeiske overklassen vekk frå dei store reisemåla og «masseturismen». Då snudde dei seg mot Norge. Det la grunnlaget for turistnæring i store delar av landet. På eit vis ber den framleis preg av denne oppstarten.
Arven lever vidare
– Også no vil dei som kjem hit ha kvalitet, og oppsøker det som skil seg ut. Alle dei historiske hotella som vart bygde rundt førre århundre-skifte, i til dømes Balestrand, Odda, Geiranger, har no ein renessanse. Hans Dahl sine bilete var med å starte dei heile, seier Guri Våge Mossige.
Lær norsk turisthistorie og opplev Hans Dahl sine bilete i utstillinga frå 23. juni til 30. september på Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand.