«Reiseliv i Noreg» den norske reiselivshistoria
Varigheit: 30 minutt
Opplegget gir eit grundig innblikk i hovudutstillinga til museet. Det syner kor stor kontrasten var mellom livskåra i norske bygder på 1800-talet og dei fyrste utanlandske besøkande, som kom frå velhavande familiar. Den fyrste turismen medførte enorm innsats over heile landet, med å byggje jernbane, vegar og ikkje minst overnatting- og serveringsstader. Kreativiteten var stor for menn og ikkje minst kvinner, som skaffa seg attåtnæring der dei kunne.
Kva var det som tiltrekte seg sofistikerte turistar, og kva kunne me tilby dei?
«Dar kjem dampen»
ei kaivandring
Varigheit: 45 minutt
Turen startar ved museet sine gamle bygg på «dampskipskaien». Her ser me på korleis faste rutetider med båt til og frå Bergen endra og moderniserte små bygdesamfunn langs kysten. På ei kort vandring blir det fortalt om korleis det var den gong fjorden var ferdsleåre, om satsing og bygging av hotell og lokal tilpassing til utviklinga. Turen vert avslutta med ein rundtur i museet.
«På søken etter det nordiske lys»
kunstnarar promoterer turistlandet Noreg
Varigheit: 30 minutt
Norske fjord- og fjellandskap var ideelle kulissar for nasjonalromantikken sine målarar. Kunstnarar med base ved akademiet i Düsseldorf byrja tidleg på 1800-talet å vandre over fjella frå aust til vest. Fleire av desse kunstnarane bygde seg sommarvillaer i Balestrand. Utstillinga er i eit av drakestilshusa frå den gong, som alle var del av kunstnarkolonien i bygda.
«Til topps i skjørt med bukse i sekken»
- kvinnelege fjellklatrarar
Presentasjon/føredrag
Tid: 45 minutt
På slutten av 1800-talet byrja kvinner å erobre fjelltoppar i Alpane, for sidan å utforske fjella i nord.
William Cecil Slingsby - kjend som «norsk tindesports far», var tidleg ute med å oppmuntre kvinner til å klatre.
Me møter mellom andre Therese Bertheau og Margaret Sophie Green Kvikne. Dei sprengde grensene for det som var akseptert kvinneleg oppførsel i si tid. Overgangen frå bruk av skjørt og korsett til klatrevennlege klede, var ein strid som gjekk parallelt med kampen for kvinners rettar.
«Kulturvandring»
ei vandring gjennom Balestrand
Varigheit: 90 minutt
Det er òg høve til å kombinera museumsbesøket med vandring gjennom den maleriske bygda Balestrand og lære korleis Balestrand si kulturhistorie har danna grunnlag for den populære turiststaden.
Turen startar på den gamle dampskipskaien og tek deg forbi gravhaugar og drakestilshus med ein kort pause i St. Olafs kyrkja, ei lita kyrkje med si eiga historie.