Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
norsk-reiselivsmuseum/Norsk-Reiselivsmuseum-MSF-00500--Foto_Thomas_Bickhardt-(1).jpg.

Planlegg besøket ditt

Reiselivsmuseet i Bale­strand gir deg høve til å verta kjent med reise­livet si ut­vikling og reisinga si historie i fjell- og fjord­landet vårt. Velkomne!

Her er me

Museet ligg på nordsida av Sognefjorden—sentralt plassert ved bryggja i den vakre bygda Balestrand.

Norsk Reiselivsmuseum
Holmen 12
6899 Balestrand

Opningstider

1. februar — 30. april
Torsdag - laurdag kl. 11.00 - 15.00
Stengt: 28/03, 29/03, 30/03
1. mai — 23. juni
Tysdag - sundag kl. 11.00 - 16.30
Stengt: 01/05, 09/05, 10/05, 17/05
24. juni — 18. august
Måndag - sundag kl. 10.30 - 16.30

Billettprisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Born 0-17 år: gratis
  • Student/Honnør: 90 kr
  • Årskort (fri inngang MiSF i 1 år): 390 kr
  • Museumspass *: 200 kr
* Museumspass: Sesongkort, gyldig i 2 mnd. Gjeld eit besøk pr museum.

Gratis inngang til: Skulegrupper – for besøk, kontakt marman@misf.no, fylgje rørslehemma, reiseleiar/sjåfør, presse, medlem av NMF/ICOM, besøkande til museets utstillingsopningar

Kontaktinformasjon

Norsk Reiselivsmuseum
Holmen 12
6899 Balestrand

Museumsvert
Sindre Berg
sinber@misf.no

Parkering

Gratis parkering i gata utanfor eller parkeringsplassar på kaien framfor Joker og Coop-prix.

Kafé Vindreken

To kafegjester ved eit rundt bord smiler og nyt si gulrotkake, kaffi og te.

I museumskaféen Vindreken kan du nippa til velsmakande te eller kaffi, nyte ferske heimbakte kaker, kjeks og enkle lunsjrettar.

Alt medan du nyt utsikta til omliggjande fjell- og fjordlandskap, inklusiv eitt av norges mest malte fjell, Vindreken. Kafèen er open i museet si opningstid, og kan nyttast av alle, også utan billett.

Museumsbutikk

I museumsbutikken finn du eit godt utval av bøker om reise og kultur, samt andre gåver.

Tilgjenge for rørslenedsette

Her er heis og stegfri tilkomst i begge etasjar i hovudbygget. Toalett ligg i fyrste etasje, både for rørslenedsette og andre. Stellerom i toalett for rørslenedsette.