Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
Eit gamalt fargelagt postkort brå Balholm og Kviknes hotel.

Museumsbesøk for

Skule og barnehage

Skuleklassar og barnehagar er velkomne til å vitje Norsk Reiselivsmuseum. Vi har gratis opplegg tilpassa ulike trinn. Niande klasse får også gratis transport.

Pedagogiske tilbod til skule og barnehage

Norsk Reiselivsmuseum har fleire tilbod til skuleklassar og barnehage. Museumsbesøk gjev elevane opplevingar i fysiske miljø som heng saman med læringsinnhaldet. Dei får bruke alle sansane sine og prøve ulike praktiske øvingar. Tilboda er utarbeida av vår museumspedagog. Dei tek utgangspunkt i skulen sine læreplanar og kompetansemål.

Utforsk og bestill her

For å utforske og bestille dei forskjellige opplegga vi tilbyr, trykk på knappen nedanfor. Då kjem du til sida vår på DigitaltMuseum Skole. Her får du oversikt over trinn, fag, kompetansemål og andre ting du treng å vite for å planlegge. Vel eit opplegg og fyll ut skjema. Her kan du også bruke søkefeltet til å finne tilbod hjå andre museum.

Viktig: tilboda våre er i utvikling, og endringar kan skje. Nye tilbod kjem til, andre går ut.

Under besøket hjå oss

- Sekkar og ytterkle leggast i garderoben i fyrste etasje. Her finn de òg toalett.

- Ta gjerne med matpakke og drikke.

- Det er lærar sitt ansvar å halde ro og orden.