Utstilling: «Hans Dahl – Med hjarte for Balestrand»
23. mai – 30. september 2026
Denne sommaren opnar Norsk Reiselivsmuseum utstillinga Hans Dahl – med hjarte for Balestrand, om ein markant, populær og omdiskutert kunstnar i Balestrand sin kunstnarkoloni.
Hans Dahl (1849–1937) vart internasjonalt kjend for sine lysfylte framstillingar av fjordlandskap og folkeliv, ofte med smilande menneske i eit solrikt og harmonisk Noreg. Medan publikum omfamna desse bileta, vart han i samtida kritisert av delar av det etablerte kunstmiljøet for å vere romantiserande og lite i takt med nye kunstnariske ideal.
I Balestrand på slutten av 1800-talet vart både kunsten og kunstnarkolonien ein del av ei større forteljing om Noreg som reisemål. Gjennom Villa Strandheim, hagefestar, internasjonale nettverk og venskapet med keisar Wilhelm II bidrog Dahl til å setje bygda på europaskartet. Samstundes reiser desse relasjonane spørsmål om kunst, makt og representasjon, særleg i lys av dei politiske spenningane i Europa før første verdskrigen.
Utstillinga viser måleri, skisser, fotografi, film og gjenstandar, og gjev eit nært møte med mennesket Hans Dahl: ein kunstnar med sterk tru på at kunsten skulle spreie lys og livsglede, men òg ein medviten formidlar som produserte bilete for ein internasjonal marknad. På mange måtar var han ein tidleg marknadsførar, og utstillinga trekkjer slik ei linje frå 1890-talet og fram mot vår eiga tid.
Velkomen til opninga 23. mai – og til ein sommar med Hans Dahl!