Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
norsk-reiselivsmuseum/img_0479.jpg.

Utstillingsopning

Tidspunkt -
Stad Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand

Norsk Reiselivsmuseum inviterer til offisiell opning av vår nye sommarutstilling om Hans Dahl, ein markant og omdiskutert kunstnar i Balestrand sin tidlege kunstnarkoloni. Dahl bidrog også sterkt til å setje Balestrand på reiselivskartet då han med sine fjordmotiv, etableringa av kunstnarkolonien og sitt store nettverk, medverka han til at bygda vart eit ettertrakta reisemål alt frå slutten av 1800-talet. Denne posisjonen feirar vi når Norsk Reiselivsmuseum opnar årets nye hovudutstilling om Dahl og hans kunstnarliv ved Sognefjorden.

Program 11-13

  • Velkommen, museumsleiar Guri Våge Mossige

  • Panelsamtale om Hans Dahl og nasjonalromantikken, med:

    • Sverre Følstad – kurator/konservator Blaafarveværket og forfattar

    • Frode Skag Storheim – Hans Dahl-biograf, pianist og kulturformidlar

    • Tommy Sørbø – kunsthistorikar, forfattar og samfunnsdebattant

    Samtalen blir leia av Kunstbygda Balestrand. Det blir også opna for spørsmål frå gjestene.

  • Formell opning ved Sverre Følstad, kurator ved Blaafarveværket.

Etter opninga blir det omvisning i utstillinga og visning av filmen "Fotografen og keisaren" laga av filmskaparen Ingrid Ese frå Balestrand.

Arrangementet er ope for alle, og vi ønskjer både lokalbefolkning, reisande, inviterte gjester og alle kunstinteresserte hjarteleg velkomne til opninga av sommarens nye museumsoppleving ved Norsk Reiselivsmuseum.

Inngangsbillett: 140,- (i døra)
Hjarteleg velkomne!

norsk-reiselivsmuseum/plakat-hans-dahl.jpg.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

23. mai — 23. mai

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Born 0-17 år: gratis
  • Student/Honnør: 110 kr
  • Årskort (fri inngang MiSF i 1 år): 475 kr

Her er vi

Norsk Reiselivsmuseum
Holmen 12
6899 Balestrand