Velkomen til ei helg dedikert til Hans Dahl, nasjonalromantikken og den rike kunst- og kulturhistoria i Balestrand!
I samband med opninga av utstillinga «Hans Dahl – Med hjarte for Balestrand» inviterer Norsk Reiselivsmuseum og våre samarbeidspartnarar til eit variert kulturprogram i pinsehelga (22.–25. mai 2026).
I desse dagane kan du bli med på omvisingar, panelsamtalar, føredrag, konsertinnslag og historiske opplevingar. I tillegg byr vi på eit sjeldan høve til å koma inn i nokre av dei ikoniske drakestilvillaene.
Gjennom heile helga kan du møta fagpersonar, forfattarar, kunsthistorikarar og lokale kulturformidlarar som på ulikt vis løftar fram livet og verket til Hans Dahl – og korleis han med kunsten sin medverka til å setje Balestrand på reiselivskartet. Programmet byr både på fagleg formidling, smaksmøte med lokal mat- og drikkekultur og musikalske innslag i historiske omgjevnader.
Alle arrangementa er opne for publikum, og vi ønskjer både fastbuande, inviterte, feriegjester og kunstinteresserte hjarteleg velkomne til ei inspirerande pinsehelg ved Sognefjorden.