Ønskjer du å lære å veve bunadsband? Har du lyst å teste eit nytt handverk eller ein ny hobby, eller vil du lære litt om kulturarven vår?
På Vågsberget skal vi halde kurs i veving av bunadsband til nordfjordbunad og Vågsøy Historielag stiller som samarbeidspartner! Banda er vevd med nokke som heiter ein grindvev og sjølve teknikken er ganske enkel, men kan virke litt forvirrande om ein ikkje har gjort det før eller er ny til veving. Så snart ein forstår mønsteret og kjem inn i rytmen er arbeidet ganske meditativt og fint å drive med i stillheit, mens ein pratar, høyrer på podcast, eller ser på TV 😉
Er du nysgjerrig på å ta neste steget frå strikking og hekling? Meld deg på kurset vårt! Vi har oppstart onsdag den 16. september kl 18.00. Då hjelpe vi til med å renne opp og starte prosjektet – som jo kanskje er det mest kompliserte med å lære å veve. Deretter møtast vi igjen dei neste to onsdagane frå 19.00-21.00 og vever so långt vi kjem.
Oppstart 16. september kl 18.00-21.00 med fortsettelse kl 19.00-21.00 23. og 30. september
Pris for kurset er 1200,- og garn følgjer med
Ta gjerne med eigen grindvev om du har, eller kjøp hos oss
Vi har og eit par feste og belte til sals, men ein kan òg lage feste med enkelt utstyr ein finn i heimen (video og bildeforklaring kjem)
Vi byr og på ei lita pause i kurset med kaffi eller te og litt kaffimat attåt
Kurset egner seg for alle med grunnleggande kjennskap til korleis ein nyttar ei saks, teller tråder, og les ei oppskrift, så alle aldra er velkomne!
Merk at kurset har begrensa med plassar slik at vi får gitt nok hjelp til alle – meld dykk på i god tid, vi annonsera når kurset er fullt!