Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Kvinne og mann stiller seg opp i eit kunstutstilling.
Publisert 03/06/2026
Av Henning A. Hellebust

Rettar merksemda mot menneskeverdet i ny utstilling

I ei verd med krig, konflikt og polarisering, vert menneske dehumanisert. Kunstmuseet svarar med å løfte fram menneskelege opplevingar frå «heile» verda i si nye utstilling «de:HUMANIZE».

– Mange av oss har hatt ei kjensle av håplausheit og avmakt ovanfor kva som skjer i verda. Det er noko av bakteppet for denne utstillinga, seier museumsleiar Mayra Henríquez ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Dei siste åra har nyheitene vore fulle av det. Overskrifter med tal over drepne menneske, øydelagde liv. Om mektige leiarar som utøver makt med våpen. Vi er omgitt av sterk polarisering og hatefulle stemmer, spesielt i sosiale medier. Ingen går upåverka av det som skjer.

Mann og kvinne ser på svartkvittfoto i kunstutstilling.
Henríquez og Leknes fortel om Ashfika Rahman, ein bangladesisk kunstnar, som blant anna set marginalisering av urfolk på agendaen.

Saman med medkurator Tor Martin Leknes, opnar ho no ei kunstutstilling ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde, som vil løfte menneskeverdet fram mellom klikkagn-titlar og algoritmar. Med kunstnarar frå både Asia, Afrika, Amerika og Europa ønskjer dei å vise at verda er full av verdifulle enkeltmenneske med historier, ikkje grupper, tal og statistikk.

Lånte verk med sterke historiar

– Vi vart invitert av kunstsamlarane Arne Austrheim og Tom Sydhagen til å låne kunst av dei til ei utstilling. Då vi gjekk igjennom verka deira, kom ordet dehumanisering stadig fram i samtala. Mange handla om krig, makt, undertrykking, utnytting og manglande respekt for det humane. Med nyheitsbiletet i bakhovudet, ønskte vi å lage ei utstilling med dehumanisering som fellesnemnar, seier ho.

Mann og kvinne kommenterer fargesterkt måleri av svart mann med grøn genser i kunstutstilling.
Thebe Phetogo frå Botswana har bruk skosverte for å sette farge på personen på måleriet, slik nokon brukar skosverte for å fargelegge kvit hud.

– de:HUMANIZE vart tittelen på utstillinga. Den er på engelsk fordi utstillinga har eit stort overtal utanlandske kunstnarar med eit internasjonalt publikum. Den engelske tittelen bitt dei saman, så denne gongen valde vi noko anna enn nynorsk. Vi har også skrive «HUMANIZE» med store bokstavar, for vi ønskjer å rette fokus mot menneskeverdet, seier Tor Martin Leknes.

Vil gje djupare innsikt

Trass i at utstillinga har eit krevjande tema, kan kunsten vere vakker for auga. Det dehumaniserande får ein kanskje ikkje auge på føre ein set seg inn i det enkelte verk, og historia bak. Nettopp det er noko som gjer at denne utstillinga skil seg ut: gjennom ein audioguide, får publikum vite litt om bakgrunnen til kvart verk og kvar kunstnar. Summen av forteljingane og verka kan stille spørsmål ved makt, maktforhold og menneskesyn.

To personar dikuterer eit tekstil-kunstverk.
Den namibiske kunstnaren Tuli Mekondjo jobbar med mange materiale, og er opptatt av blant anna opphav, identitet og arv.

– Eit døme er at mange lagar kunst av gjenbrukte materialar. Kunstnarar frå ressurssterke land gjer det oftare av politisk korrektheit, medan kunstnarar frå det globale sør gjer det oftare av nødvendigheit. Dei brukar det materialet som er tilgjengeleg. Det tilfører ekstra meining, seier Henríquez.

Arbeidet med samlinga har ikkje vore utan dilemma. Nokre av kunstnarane er kontroversielle i heimlandet sitt. Nokre verk kan ta stilling i vanskelege saker. Dei to har hatt fleire rundar om dette med å ta stilling. Kva kan Musea i Sogn og Fjordane meine?

Vondt og vakkert

– Vi har mangfaldsarbeid framme i pannebrasken med ein ny mangfalds- og inkluderingsstrategi i musea. No ville vi gjere ei utstilling der vi har litt meir puls frå utsida, som kan opne opp for tankar om til dømes korleis vi snakkar og skriv om andre. Sjølv om utstillinga er vakker, vil du få kjenne på ein del vonde ting som eg håpar kan opne opp for nye tankar, seier Leknes.   

To personar diskuterer fargerikt kunstverk i utstilling.
Sizwe Sama er ein sør-afrikansk tekstil- og bildekunstnar frå KwaZulu-Natal. Han jobbar blant anna med skeiv identitet.

Korleis er utstillinga relevant for oss her i regionen?

– Vi skal inn i pride-månaden no. Det er menneske som skriv ting i kommentarfelta til lokalavisene og sosiale medier som er veldig lette å henge på knaggen til utstillinga sin tittel. Noko av språket er dehumaniserande, seier Leknes.

– Det er tendensar i samfunnet til at vi set vi merkelappar på folk, som splittar heller enn å forene. Vi demoniserar og stemplar. Då gløymer ein at det handlar om menneske. Vi ønskjer å opne døra, gje kunnskap, slik at folk kan nyansere synet på andre. Menneske er komplekse, mange-fasetterte og definerast ikkje enkelt, seier Henríquez.

Internasjonale namn

Så kva kan ein forvente seg? Til dømes får du sjå kunst av Igshaan Adams, som også er aktuell med separatutstilling i Guggenheim Bilbao, og er kjøpt inn i store museumssamlingar over heile verda. Museet viser Nilbar Güreş, som representerer Tyrkia på den tyrkiske paviljongen under Veneziabiennalen i 2026. Begge blant verdas fremste kunst-arenaer.

Utstillinga vert vist i Høgsalen. Her heng det måleri, grafikk, tekstilkunst, foto og eit videoverk. Det meste er produsert på 2000-talet.

Utstillingar og arrangement

Sjå alle