Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/sogn-og-fjordane-kunstmuseum,-thomas-bickhardt-bickfoto(26).jpg.

Omvising på kunstmuseet

Vi tek i mot alle gruppar, frå dei yngste til dei eldste, skuleklassar, lag og bedrifter

Det er ikkje all kunst som er like lett å få i tale. Undring er bra i møte med kunst, og undring er ei god bør på vegen vidare. Somme tider kan vi ønskje noko meir enn å verte forundra og det kan formidlaren hjelpe deg med.

Formidlinga blir tilpassa utstillinga, gruppa og ønska varigheit på formidlinga. Innanfor opningstid kostar ikkje omvising noko utover vanlegg inngang. For omvising utanom opningstid kan du sjå prisar i planlegg besøket ditt lenger nede på sida.

I tillegg kan vi tilby formidling på både norsk og engelsk. Somme tidar har vi òg høve til å halde omvising på spansk med morsmålstalar. Om det er behov for tolk eller liknande kan dette bli avtalt nærare av museumspedagog og NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde. Spør om språk i tinginga di!

Opningstider

1. januar — 11. februar
Vinterstengt
12. februar - 16. april:
Torsdag og fredag: 14:00 - 18:00
Laurdag og sundag: 11:00 - 16:00
Måndag til onsdag: stengt

Prisar

  • I perioden 12. februar til 16. april: redusert billettpris: 50 kr*
  • *Gjeld alle billettypar. Inngang born: gratis
  • Billettprisar frå 16. april:
  • Barn 0–17 år: Gratis

Her er vi

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Storehagen 1A
6800 Førde

Illustrasjon: Thomas Bickhart/Bickfoto, 2021.