Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/20231102_120535-redigert-1723187659.jpg.

Museumsbesøk for

Skule og barnehage

Ta elevar og barnehageborn med på museum!

Pedagogiske tilbod for skule og barnehage

Vi har fleire tilbod til skuleklassar og barnehage. Museumsbesøk gjev elevane opplevingar i fysiske miljø som heng saman med læringsinnhaldet. Dei får bruke alle sansane sine og prøve ulike praktiske øvingar. Tilboda er utarbeida av vår museumspedagog. Dei tek utgangspunkt i skulen sine læreplanar og kompetansemål.

Tilboda er gratis å nytte.

Utforsk og bestill

For å utforske og bestille dei forskjellige opplegga vi tilbyr, trykk på knappen nedanfor. Her får du oversikt over trinn, fag, kompetansemål og andre ting du treng å vite for å planlegge. Vel eit opplegg, og fyll ut skjema.

Viktig: tilboda våre er i utvikling, og endringar kan skje. Nye tilbod kjem til, andre går ut.