Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet

Planlegg besøket ditt

Førde si moderne storstove for kunst ligg midt i sentrum, med verk frå dei siste 150 åra. Kafé Sobra og takterassen freistar med variert meny, der du kan nyte panoramautsikta. Butikken har eit rikt utval av kunst.

Her er vi

Sogn og Fjordane Kunstmuseum ligg ved Jølstraelva, i sentrum av Førde.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Storehagen 1A
6800 Førde

Opningstider

23. mai — 10. september
tysdag-sundag kl. 11-16
torsdag kl. 11-18
28. mai stengd
11. september — 31. desember
tysdag–sundag kl. 11–16

Billettprisar

  • Barn 0–17 år: Gratis
  • Student/Honnør: 80 kr
  • Vaksne (13.05-10.09): 150 kr
  • Vaksne: 110 kr
  • Gruppe (15+*): Ta kontakt på sfkm@misf.no
  • Årskort**: 350 kr
  • Museumspass (2 mnd): 200 kr
  • Skulegrupper, følgje for rørslenedsette, reiseleiarar/sjåførar, presse, medlem av NMF/ICOM: Gratis
* Vi ber om at grupper tek kontakt på førehand for å kunne gje dykk ei best mulig oppleving. Rabatt for grupper gjeld i ordinær opningstid. Ta kontakt for meir info på sfkm@misf.no.

** I tillegg til vanlege museumsbesøk, gjeld kortet for dei fleste arrangementa kor musea er arrangør. Årskortet gjeld ikkje når det er plassbillettar/avgrensa tal personar, eller om andre står som (med-)arrangør. Årskortet er personleg, og kan ikkje nyttast av andre. Årskortet gjeld for det året det er kjøpt (ikkje frå kjøpsdato til kjøpsdato).

Kontaktinformasjon

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Storehagen 1A
6800 Førde

Parkering

Du finner gratis parkeringsplassar nære museet. Rørslenedsatte kan parkere ved inngangsdøra, med innkjøyring rett overfor Firda billag. De kan òg spørre i resepsjonen om tilgang til parkeringskjelleren med heis inn til museet.

Kafé Sobra

Her serverer vi enkle lunsjrettar som gode supper, salatar, paiar, påsmurte blingsar og wraps. Til kaffien har vi kaker, dessertar og vaflar.

Butikk

I kunstbutikken finn du eit rikt utval av kunsthandverk og biletkunst. I tillegg sel vi eit utval bøker, postkort, t-skjorter, paraplyar og sjal, samt våre eigne publikasjonar knytt til museet sine samlingar og utstillingar.

Tilgjenge for rørslenedsette

Vi har heis og trinnfri ankomst til alle etasjar.

Toalett finn du i første etasje, både for rørslenedsette og andre. Stellebord er montert på toalettet for rørslenedsette.