Bli med og set spor i eit levande kunstverk!
I samband med utstillinga de:HUMANIZE inviterer museet og kunstnar Terje Grimen til fleire verkstadar der deltakarane får vere med å skape innhald til eit heilt spesielt kunstprosjekt framanfor museet.
Ein open container står no ved inngangen til museet og vil fungere som eit eige utstillingsrom i perioden 1. juli–27. september. Gjennom heile utstillingsperioden vil veggane fyllast lag på lag med plakatar, paste-ups, tekst, bilete og andre kunstnariske uttrykk frå lokale, nasjonale og internasjonale bidragsytarar.
Vi lev i ei tid der mange kjenner på uro. Krig, polarisering og brot på menneskerettar er tydeleg i nyheitsbiletet og den offentlege samtalen. Menneske blir ofte reduserte til kategoriar, motstandarar eller tal. Kunsten kan vere noko anna: eit rom for å tenkje, kjenne – og ytre seg.
Gjennom historia har kunstnarar brukt plakaten som eit kraftfullt verkemiddel. Frå arbeidarrørsla sine kampplakatar og antikrigsrørsler til dagens klimaaktivisme og kamp for menneskerettar, har plakaten vore ei enkel, direkte og visuell form for ytring. Politisk kunst utfordrar, stiller spørsmål, skapar engasjement og gir form til det vi bryr oss om.
Med utgangspunkt i utstillinga de:HUMANIZE får du utforske eigne tankar om menneskeverd, fellesskap og den tida vi lev i. Kva vil du seie? Kva meiner du er viktig å løfte fram? Korleis kan bilete, ord eller symbol få folk til å stoppe opp?
Under rettleiing frå Terje Grimen får du lage din eigen plakat – ei personleg ytring som tek del i ei lang historie der kunst har vore med på å utfordre makt, skape fellesskap og gi stemme til det som elles kan bli oversett.
På verkstaden kan du lage ditt eige bidrag til prosjektet, handlaga plakatar i ulike format, du kan teikne, måle, klippe og lime. Du treng ikkje kunstfagleg erfaring for å delta eller førebu noko, men det kan vere fint å reflektere litt over kva tematikk som ligg ditt hjarte nærast på førehand. Du kan ha med bilder eller anna materiale som du vil bruke i utforminga av plakatane. Dette kan vere aviser, magasin, foto, print/utskrifter, plakatar, tekstil osv.
Containeren vil utvikle seg gjennom heile utstillingsperioden frå 1. juli–27. september, og blir eit levande arkiv av tankar, meiningar og kunstnariske uttrykk. Ditt bidrag blir ein del av dette felles verket. Verkstaden føregår innandørs og noko utandørs ved montering av plakatane.
Datoar for verkstadane:
Måndag 29. juni kl. 18.00-21.00
Tysdag 30. juni kl. 18.00-21.00
Fleire datoar kjem! Verkstaden passar for ungdom og vaksne (18 år +). Det blir arrangert ein eigen verkstad for born i august/september.
18–25 år 120 kr
Vaksen 200 kr
Obs: verkstadane er plassbegrensa, billettlenke finn du øvst på sida
Den 1. juli opnar Førdefestivalen seminarrekkja Kultur for fred med samtalen de:HUMANIZE – globale stemmer, menneskeverd og ytringsrom, i samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Nobels Fredssenter. Seminaret føregår på museet og løftar fram spørsmål om kunst si rolle i møte med krig, utanforskap, identitet og ytringsfridom, og korleis kunst kan skape innsikt, motstandskraft og empati.
Utstillingsrommet utanfor museet kan sjåast som ei praktisk vidareføring av desse spørsmåla. Her blir publikum ikkje berre tilskodarar, men aktive deltakarar i eit felles ytringsrom. Kvar plakat, kvar tekst og kvart bilete blir ein del av ein større samtale om kva det vil seie å vere menneske i vår tid – og om korleis kunst og ytringar kan bidra til dialog, forståing og fred.
Terje Grimen / Tegson (f. 1989) har bakgrunn frå Bergens urbane graffitimiljø på 2000-tallet, og arbeider i dag med abstrakte veggmaleri, tekstilkunst og kunst i offentleg rom.
Sidan 2013 har han utvikla eit kunstnarskap med både nasjonalt fokus og internasjonale perspektiv, der tematikkar som solidaritet, aktivisme og utanforskap står sentralt – ofte i spenn mellom lokale og globale kontekstar.
Kunst i offentleg rom er ei kjerne i Grimens praksis. Han har eit sterkt engasjement for at kunst skal vere tilgjengeleg for alle, og jobbar med ein folkeleg og inkluderande tilnærming som inviterar til refleksjon og dialog i det offentlege rom.
Under bachelorstudiane ved Kunstakademiet i Tromsø vart han introdusert for tekstile teknikkar, noko som leia til ein mastergrad i materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo, med avgang i 2025.
Kontrasten mellom harde samfunnstemaer og bruken av mjuke material, som broderi, har stått sentralt i hans kunstnarlege utforsking dei siste åra. Han undersøker korleis materialval kan påverke bodskapet og opne for nye formar for dialog.
Tusen takk til Åsen & Øvrelid for container.