Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/dehumanize-insta-5.jpg.

Utstilling: de:HUMANIZE

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

I Høgsalen skal vi gjennom sommaren vise kunst frå ei rekkje internasjonale kunstnarar. Gjennom eit nært samarbeid med kunstsamlarane Arne Austrheim og Tom Sydhagen, har vi lånt verk frå 23 kunstnarar som dannar utstillinga de:HUMANIZE.

Tittelen refererer til ordet «dehumanisere» – eit omgrep som diverre vert nytta oftare og oftare i vår tid. Uthevinga av siste del av ordet, er eit peik til ein sentral del av utstillinga: fleire av verka rommar håp, og visar korleis kunstnarar frå andre verdsdelar skapar verk som handlar nettopp om å vere menneske. Mange har bakgrunn frå land med store sosiale og økonomiske kontrastar. Fleire er oppvaksne på kontinent prega av krig, konflikt og uro. Nokre lever stadar der politisk ekstremisme har slått rot dei seinare år.

Internasjonale høgdepunkt

Utstillinga visar til eit stort mangfald av stilartar og uttrykk. Tekstilar, måleri, fotografi og grafikk er noko av det som blir vist. Fleire store namn frå den internasjonale kunstverda vil pryde veggane. Publikum vil få sjå eit verk av den sør-afrikanske kunstnaren Igshaan Adams. Han er aktuell med separatutstilling i Guggenheim Bilbao, og er kjøpt inn i store museumssamlingar over heile verda. Nilbar Güreş representerer Tyrkia på den tyrkiske paviljongen under Veneziabiennalen i 2026. Gjennom sommaren vil eit stort verk av henne visast i Høgsalen, som del av vår utstilling.

kunstmuseet/igshaan-adams,-look-again,-look-closer!-(2018)-rope,-beads,-twine,-wire,-blue-oxide,-dye,-approx.-140-x-67-cm.jpg.
Look Again, Look Closer!, Igshaan Adams (2018), detalj. © Igshaan Adams. Med tillatelse fra kunstneren og Blank Projects. Fotograf: Kyle Morland.

Utstillinga de:HUMANIZE har også eit verk frå den kontroversielle amerikanske kunstnaren Andres Serrano. I laupet av ei lang karriere har han oppnådd både stjernestatus og skuldingar for blasfemi i heimlandet USA. Med unntak av Serranos verk som er frå 1987, er alle andre i utstillinga frå dei siste 25-30 åra. Austrheim og Sydhagen har samla kunst sidan 1990-talet. Dei har ved fleire høve lånt ut verk til norske visningsstadar, mellom anna MUNCH og Kode.

Følgjande kunstnarar er representert i utstillinga: Andres Serrano, Ashfika Rahman, Anne-Karin Furunes, Dash Snow, Gardar Eide Einarsson, Igshaan Adams, Julian Röder, Nilbar Güres, Olia Fedorova, Matthias Frantz, Odirile Khune Motsiri, Omar Mahfoudi, Radenko Milak, Dawit Abebe, Rune Elgaard, Tuli Mekondjo, Aneesah Girie, Sizwe Sama, Shumon Ahmed, Hannah Macfarlane, Dev Dhunsi, Thebe Phetogo og Shuvo Rafiqul.

kunstmuseet/aa.9.jpg.
Pasta Eating Woman, Nilbar Güres (2014)
kunstmuseet/circle-blood.jpg.
Circle of Blood, Andres Serrano (1987). Foto: Med tillatelse fra Andres Serrano.

Kuratorar: Mayra Henríquez og Tor Martin Leknes
Montering og produksjon: Berhanu Mekonen, Ole Langvik Hansen, Gregory Idehen, Denisa Jacobsen og Henriette Bekjorden Hukset

Formidling og kommunikasjon: Henriette Bekjorden Hukset, Synnøve S. Bjørset, Greta Pemberton, Vedvik Studio

Grafisk design: Letspixel

Utstillinga de:HUMANIZE er årets festivalutstilling under Førdefestivalen.

Førdefestivalen logo.