Kva skjer når menneske sluttar å sjå kvarandre som medmenneske? I samband med de:HUMANIZE utstillinga, ønskjer vi Kai Brand-Jacobsen velkomen til eit foredrag om avhumanisering, konflikt, tilhøyrsle og moglegheitene for fred i ei stadig meir polarisert verd.
Kai Brand-Jacobsen er seniorrådgjevar i Evalueringsavdelinga for norsk utviklingssamarbeid og har gjennom fleire tiår arbeidd med konfliktførebygging, mekling og fredsprosessar i konflikt- og krigsråka område verda over.
Etter samtalen inviterer kunstnar Terje Grimen til ei omvising i re:HUMANIZE-containeren utanfor museet. Samstundes vil det vere mogleg å utforske utstillinga innandørs og delta i ein open plakatverkstad, der publikum kan skape eigne bidrag inspirerte av temaa i utstillinga og kveldens samtale. Terje Grimen vil vere til stades for å rettleie deltakarane i verkstaden, og etter omvisinga vil det vere høve til å montere nye bidrag i containeren som ein del av den vidare utviklinga av prosjektet. Velkomen til ein Kunsttorsdag der samtale, kunst og deltaking møtest i ei felles utforsking av korleis vi kan møte polarisering med nysgjerrigheit, dialog og samvær.
Dørene opnar 18:30.
Billettinformasjon kjem snart