Førdefestivalen opnar seminarprogrammet Kultur for fred på kunstmuseet med ei samtale knytt til samtidskunstutstillinga de:HUMANIZE.
Gjennom verk av kunstnarar frå Afrika, Asia, Europa og USA løftar utstillinga fram globale perspektiv på tida vi lever i, og set menneskeverdet i sentrum for politisk og samfunnsmessig refleksjon.
Mange av verka tematiserer svært aktuelle spørsmål: krig og fred, utanforskap, identitet og tilhøyrsle og ytringsfridom. Utstillinga set globale erfaringar og stemmer inn i ein lokal kontekst, og inviterer oss til å reflektere rundt korleis kunst kan opne for innsikt, motstand og empati.
Bendik B. Egge, direktør for formidling ved Nobels Fredssenter, vil halde eit innlegg om kunst, ytringsrom og menneskeverd i vår urolege tid. Innlegget vert etterfølgt av ein panelsamtale med Egge, museumsleiar Mayra Henriquez og kunstnar Terje Grimen.
Musikalsk innslag ved musikarar frå Norges Musikkhøgskole.
Seminaret er gratis. Alle er velkomne!
// Redusert billettpris til utstillingane for deltakarar på seminaret: 100 kr. Billett kjøper du i museumsresepsjonen //
Gjennom seminarprogrammet Kultur for fred set vi søkjelys på kva kunst og kultur har å bety for samfunnsbygging. Kunst og kultur styrkjer dei demokratiske verdiane våre, viser krafta som bur i eit sosialt fellesskap, og det å forstå kvarandre.
Programmet samlar forskarar, kunstnarar, politikarar og samfunnsaktørar til kritisk refleksjon og kunnskapsutveksling om kulturen si rolle i arbeidet for å hindre konfliktar, skape fred og utvikle eit demokratisk samfunn.
Seminarprogrammet er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Vestland fylkeskommune, Sunnfjord kommune og Høgskulen på Vestlandet - og er støtta av Fritt Ord.
Andre samarbeidspartar: Norec, Tekstallianse og Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Sjå heile seminarprogrammet her: Seminarprogram — Førdefestivalen