Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Smilande kvinne med blå hanskar held eit oljemåleri av eit fargerikt rom i brun ramme.
Publisert 23/03/2026
Av Henning A. Hellebust

Løftar fram gløymd storheit

Ho måla til ho var 102 år gamal, og spesialiteten var portrett av barn. No vert den hardtarbeidande Frida Rusti (1861-1963) pakka fram frå gløymselen med ei eiga utstilling.

– Dette interiøret er eit høgdepunkt for meg. Det er noko med fargane og lyset som ho får fram på ein veldig god måte. Det er eit flott motiv med høg kvalitet. Ein får ei glede ved å sjå på det, korleis fargane fungerer saman. Det er eit rom som har noko harmonisk ved seg. Det gjev ei viss ro, seier førstekonservator Kristine Kolrud ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Den siste tida har ho brukt på å fordjupe seg i livet og kunstnarskapen til Rusti. I april opnar utstillinga «Eg målar i draume». Då kan du få sjå 50 bilete frå heile karrieren til den svært produktive kunstnaren.

– Kvifor denne tittelen?

– Det var noko ho skreiv då ho i høg alder fekk problem med synet og ikkje kunne måle lenger. Sidan ho då framleis hadde enormt lyst til å arbeide – ho var ein arbeidshest heile livet – så heldt ho fram med å måle, men i draume. Tittelen seier noko om Rusti, og kanskje den også opnar nokon perspektiv for besøkande til utstillinga. Den er litt optimistisk, seier Kolrud.

Fekk synet tilbake

Dei fleste ville kanskje gitt opp karrieren, men Frida Rusti fekk til slutt hjelp med synet. Då tok ho opp att målinga, og dreiv med det heilt fram til ho døydde.

Smilande kvinne med svart cardigan og blå latex-hanskar studerer ein akvarell i ein boks.
Kristine Kolrud leitar fram eitt av dei siste bileta Frida Rusti måla. Dette vert synt fram i utstillinga.

– Denne akvarellen måla ho veka før ho vart 102 år, eit par månader før ho døydde. Eg tykkjer det er eit fint stilleben av ein blomstervase. Frida Rusti var veldig ivrig, sto på heile tida. Ho hadde ei sterk drivkraft for å halde på med dette, seier Kolrud.

Gjennom karrieren stilte ho ut mange titals gonger, i både Tyskland og dei største byane i Norge. Etter at ho døydde, har vi sett lite til ho.  

– Det har ikkje vore så stor interesse i kunsthistoria for konvensjonelle kunstnarar som Rusti. Vi ønskjer å løfte ho fram att. Dette var ein kunstnar som hadde betydning i si tid, særleg stod ho i ei særstilling med barneportretta sine. Dessutan bidrog ho til kunstmiljøet, som at ho donerte heimen sin for å fremje bildekunsten, fortel Kolrud.

Svart-kvitt gruppebilde av 12 bunadskvinne menn og kvinner, gutar og jenter.
Her sit Frida Rusti framme til høgre. Mannen Olav Rusti med skjegg i midten. Dei var begge aktive i målrørsla og Vestmannalaget.

–  Kven var Frida Rusti?

– Frida Hoeck var født i kulturbyen Karlsruhe i Tyskland i 1861, og fann fort ut at ho ville bli målar. Ho tok kunstutdanning i heimbyen, og studerte vidare i Berlin og Paris. Mange samtidige kunstnarar eksperimenterte mykje, men ho bestemte seg for at ho ville halde det tradisjonelt, seier Kolrud.

Fann norsk mann i kloster

Då ho var 25 år møtte ho den elleve år eldre teiknaren, målaren og målmannen Olav Rusti. Han hadde trekt seg tilbake til eit kloster i Tyskland for å måle. Det viste seg at dei delte ei interesse. Både gjennom val av motiv og stil, fann dei ein fellesskap i målarkunsten. Dei heldt kontakten, og i 1893 gifta dei seg i Leikanger. Der budde dei i to år, til dei flytta til Bergen. Der kjøpte dei praktbygget Urdi på Damsgård, som vart eit samlingspunkt for kunstnarar i byen.

– Heimen deira vart eit senter for kunst- og kunstpersonlegdomar, og bidrog til miljøet i Bergen. Blant mange var også folk som Harriet Backer og Gerhard Munte innom. Gjennom målrørsla var dei også ein del av gjenoppfriskinga av norsk kulturarv, og hadde Hulda og Arne Garborg i omgangskretsen, fortel Kolrud.

– Kva kjenneteiknar Frida Rusti som kunstnar?

Teikning av kvinneandlet.
Eit sjølvportrett av Frida Rusti frå 1908.

Meister i barneportrett

– Ho var ein veldig dyktig teiknar og flink med fargar. Ho var konvensjonell på den måten at ho heldt seg til ein tradisjon, ho utvikla seg ikkje eksperimentelt. Alt i hennar første utstilling i Berlin i 1886, ser vi at ho interesserte seg for barneportrett. Ho vart ein veldig etterspurt portrettmålar, spesielt av barn, seier Kolrud.

Fleire av bileta i utstillinga er akkurat det, barneportrett. Kolrud har lagt fram eit bilete av ein baby med tåteflaske og eit bilete av ei ung jente for å illustrere kvalitetane. Dei unge andleta lest til å tenkje på noko. Trass i at dei er todimensjonale på lerret, og illustrerer kortlevde liv, verkar det som om penselstrøka skildrar at «det er nokon heime».

Foto av eit måleri med eit barneportrett i gullramme.

– Ho hadde talent for å måle portrett. Ho var ein sosial person som hadde god kontakt med folk, kanskje ei særleg evne med barn. Ho interesserte seg for det enkelte barnet. Så var ho ganske leiken og ein person som kunne leve seg godt inn i det å vere barn. Rusti hadde ikkje barn sjølv, men hadde eit godt forhold til barn, seier Kolrud.

Mykje arbeid bak kulissane

Mange av verka i utstillinga kjem frå samlinga til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. I tillegg er det innlån frå private og andre institusjonar. Medan Kolrud forskar på Frida Rusti sitt liv og produksjon, og vel ut verk som skal hengast opp, er det også andre som bidreg til utstillinga.

I ein verkstad djupt inne i kunstmuseet, finn vi Agata Bartkiewicz og Berhanu Mekonen. Dei driv med målerikonservering og restaurering. Det vil sei at dei både reingjer bilete og rammer, og reparerer små skader.   

Mann med vernebriller og hanskar stryk over eit oljemåleri med ein bommulspinne.
Berhanu Mekonen (museumsteknikar), løyser opp skit og tørkar den forsiktig vekk med ein bommulspinne. Du ser tydeleg kontrast mellom reingjort og ikkje reingjort rett ovanfor pinnen.

  – Dette biletet er mange år og har blitt skittent. Eg reinsar med ein gel med reinsemiddel som vi blandar sjølv, som er trygg for både helsa og kunstverket. Vi går fram veldig forsiktig for å ikkje skade biletet, seier Mekonen.

kunstmuseet/2026-03-17_12-46_frida-rusti_utstillingsarbeid-11.jpg.
Du ser ein markert kontrast på ramma nede i venstre hjørne og den ferdige delen lenger mot høgre i biletet. Dei kvite felta på ramma er der Agata Bartkiewicz har lagt i ei blanding av kalk og lim, for å tette og jamne ut skader på ramma.

– No jobbar eg med gullramma til måleriet som Berhanu reinsar. Eg har på eit reinsemiddel som verkar på overflata, så den ikkje øydelegg gullet. Så tørkar eg det vekk med ein bommulspinne. No ser vi at etter mange år utan merksemd, får vi eit skite kunstverk. Når den er reinsa, reparerer vi skader på ramma. Lime det som ikkje held seg på plass. Siste steg er å retusjere ramma, altså legge på gullpulver og lim, seier Bartkiewicz.

Utstillinga opnar 17. april.     

Utstillingar og arrangement

Sjå alle