Kvifor dukkar ein tysk kunstnar opp i norsk bunad tidleg på 1900-talet? Kom og høyr kulturhistorikar Anne Kristin Moe Fitje i eit spennande føredrag om Frida Rusti, norskdomsrørsla og bunadar.
Seint på 1800-talet fekk dei tradisjonelle norske bygdekleda ein ny aktualitet som bunader. I spissen for dette arbeidet stod norskdomskvinna Hulda Garborg. Ho tok bunader i bruk til både kvardag og fest, og oppmoda andre om å gjere det same.
I 1914 publiserte ho eit fotografi av ei kvinne i Sunnmørsbunad. Kvinna som er avbilda er den tyske kunstnaren Firda Rusti. Korleis hadde dette seg og kva hadde Frida Rusti med bunadsaka å gjere, er temaet for foredraget til Anne Kristin Moe Fitje.
Anne Kristin er kulturhistorikar, og har gjennom fleire år forska på bakgrunnen til bunadane våre.
Vaksen 190 kr
Student / honnør 150 kr
Billett med årskortrabatt 150 kr
Born / ungdom (0-17 år) Gratis
Billetten inkluderar inngong i utstillinga «Eg målar i draume».