Frida Rusti (1861–1963) var i si tid ein markant kunstnar med eit liv som spente frå tyske kunstmiljø til vestnorsk kulturliv. I utstillinga «Frida Rusti: Eg målar i draume» får publikum sjå fragment av eit svært langt kunstnarliv som såg menneske og kvardagsmotiv med ein uvanleg kombinasjon av presisjon, varme og uthald.
Rusti flytta til Noreg etter å ha møtt den norske målaren Olav Rusti i Tyskland, og fann både heim og inspirasjon på Vestlandet. Ho måla portrett, stilleben, landskap og interiør – men vart særleg kjent for sine uttrykksfulle barneportrett. Gjennom eit svært langt kunstnarliv som strekte seg over åtte tiår, arbeidde ho med stor intensitet, også i sein alder, trass synsvanskar. Likevel har Rusti fått lita merksemd, utover at verka hennar finnast i både private og offentlege samlingar.
Nye perspektiv
I utstillinga vil publikum få sjå at ho var del av eit større vestnorsk kunst- og kulturmiljø. Kunstnarkollegaer og kulturfolk besøkte heimen hennar, Urdi, når dei var på vitjing i Bergen. Her spela ho ei meir sentral rolle enn historia til no har framheva. Utstillinga løftar derfor fram både kunstnarskapen og posisjonen hennar som kvinneleg og utanlandsfødd kunstnar i ein norsk kunsttradisjon der slike stemmer ofte har vore ute av fokus.
Kurator: Kristine Kolrud
Montering og produksjon: Berhanu Mekonen, Ole Langvik Hansen, Gregory Idehen, Denisa Jakobsen, Henriette Bekjoden Hukset, Anna Wingaard/Fauske Skredderi
Formidling: Henriette Bekjorden Hukset
Grafisk design: Letspixel