Denne sommaren fyller vi Høgsalen med sterke internasjonale stemmer, store kunstnarlege opplevingar – og historier som treff midt i vår eiga samtid.
Gjennom eit unikt samarbeid med kunstsamlarane Arne Austrheim og Tom Sydhagen presenterer vi utstillinga de:HUMANIZE, med verk av 23 kunstnarar frå heile verda. Her får du oppleve ei utstilling som både utfordrar, rører og opnar rom for håp.
Tittelen spelar på ordet «dehumanisere» – eit omgrep som dessverre pregar nyheitsbiletet vårt stadig oftare. Men i uthevinga av HUMANIZE ligg også motkrafta: kunsten si evne til å minne oss på kva det vil seie å vere menneske.
Fleire av kunstnarane kjem frå samfunn prega av konflikt, uro og store motsetnader. Likevel skapar dei verk fulle av nærvær, skjønnheit, motstand og menneskeleg verdigheit. Resultatet er ei utstilling som kjennest både global og djupt personleg.
Blant kunstnarane finn vi internasjonale namn som Igshaan Adams, aktuell med separatutstilling ved Guggenheim Bilbao, Nilbar Güreş, som representerer Tyrkia under Veneziabiennalen 2026, og den kontroversielle amerikanske kunstnaren Andres Serrano.
Dette er ei sjeldan moglegheit til å oppleve internasjonal samtidskunst av høg kvalitet – midt i Førde.
Velkomen til opning av de:HUMANIZE.
PROGRAM FOR KVELDEN
18:30 Dørene opnar, velkomst med aperitiff
19:00 Offisiell opning. Konferansier er Tor Martin Leknes og Mayra Henriquez. Tale ved kunstsamlar Arne Austrheim, musikalsk innslag og opningstale ved Irene Kinunda Afriyie
19:30 Utstillinga opnar. Open bar og musikk ved DJ
23:00 Museet stenger
// Gratis inngong //
Opninga er ein del av Kulturnatt i Førde 2026 som føregår fredag 5. juni. Utstillinga de:HUMANIZE er årets festivalutstilling under Førdefestivalen.