Velkomen til open verkstad på kunstmuseet!
Denne laurdagen inviterer vi små og store til å måle stilleben, inspirert av målaren Frida Rusti. I utstillinga "Eg målar i draume" kan du sjå fleire av hennar vakre stilleben – måleri av oppstilte gjenstandar som blomar, frukt, flasker, koppar eller andre kvardagslege ting.
Eit stilleben er ein kunsttradisjon med lange røter i kunsthistoria. Kunstnarar har måla stilleben i fleire hundre år, særleg sidan 1600-talet, då denne typen måleri vart svært populær i Europa. Gjennom stilleben kunne kunstnarane utforske fargar, lys, former og stemningar på ein heilt eigen måte. Nokre stilleben viser vakre blomsterbukettar eller bugnande fruktfat, medan andre kan fortelje noko om livet, tida som går eller kor forgjengelege ting er.
Mange kunstnarar måler stilleben fordi det gir høve til å studere verda rundt seg i ro og mak. Når gjenstandane står stille, kan ein bruke tid på å sjå nøye etter: Korleis fell lyset over ei skål? Kva fargar finst i skuggane? Korleis kan ein få fram overflata på eit eple eller glansen i ei vase? Sjølv heilt enkle kvardagsting kan bli spennande motiv når ein verkeleg ser etter.
Under aktiviteten set vi opp eit stilleben som deltakarane kan prøve å måle sjølve. De får arbeide med akvarell på bordstaffeli, og ein museumsvert er til stades for å hjelpe dykk i gong og dele enkle tips undervegs. Her treng du ingen forkunnskapar – berre lyst til å utforske og skape.
Aktiviteten passar best for dei over 4 år, men alle er velkomne på open verkstad!
Vi gjer oppmerksam på at det føregår ombygging på museet og vi har difor ikkje eit kafètilbod for tida. Vi har likevel open ei flott utstilling, "Eg målar i draume". Med inngongsbillett til museet får du adgang til både utstillinga og verkstaden. Born/unge, 0-17 år kjem alltid gratis inn på museet.
Verkstaden er gratis for born i følge med betalande vaksen. Born under 12 år må ha følge av ein føresett.
For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet.
Merk: alle som vil delta på verkstaden (uansett om du har årskort eller skal kjøpe billett) må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.
-
Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld for verkstadane. Er det mange som kjem samtidig må ein berekne litt ventetid før det blir ledig plass - vi gjer det vi kan for at alle skal få komme inn :-) Full verkstad når du kjem? Ta ei runde i utstillingane medan de ventar.