Astruptunet Astruptunet
To kvinner i strikkagenser ser på eit måleri inne i eit galleri.
Publisert 24/03/2026
Av Henning A. Hellebust

Knuser Astrup-myter i ny utstilling

Mytane fortel at Nikolai Astrup kjempa imot sin konservative prestefar og vart kunstnar mot alle odds. Årets utstilling i Astruptunet vil vise at han trass alt vaks opp i ein kreativ heim, med mora som viktig støttespelar.

For første gong slepp ein kurator med doktorgrad om Nikolai Astrup til for å lage utstilling i Astruptunet. Kurator Kesia Halvorsrud er i full gang med planlegginga, saman med utstillingsdesignar Anne Mette Prestegård. Utstillinga «Ein kreativ heim» opnar i mai.

– Vi har nett møttest for første gong. No er vi her for å diskutere løysingar og korleis temaet skal formidlast og kunsten skal komme best mogeleg fram, seier Halvorsrud.

To kvinner i strekkegensar står framfor eit måleri.
Det er mykje som skal stemme for at ei utstilling skal fungere for publikum. Her diskuterer Anne Mette Prestegård (t.v) og Kesia Halvorsrud kva bilde som skal henge kvar.

– Det går litt på dette med balanse mellom vårt formidlingsbehov og kor mykje tekst publikum toler. Vi ser på korleis vi kan fortelje ein historie i forhold til korleis vi trur besøkande vil bevege seg i rommet og mellom etasjane. Kva farge veggane skal ha, er også viktig. Astrup meinte at heimens farge er gul. Det er ei inspirasjonskjelde, og vi har sett på nokon av verka som har fine gultonar i seg, blant anna eit nytt verk som har kome fram i samband med utstillinga, seier Prestegård.

Mor som første lærar

– Ja, og det vert eit høgdepunkt! Eg har forska på betydninga av heimen som kreativt miljø i Nikolai Astrup sitt kunstnarskap. Petra Astrup, Nikolai Astrup si mor, var ein aktiv og anerkjent vevar. Eg har  vore opptatt av å løfte ho fram som ein tidleg lærar for Astrup. Vi har fått låne og skal stille ut ein vev som vi veit sikkert at ho lagde. Då får alle sjå kor fine fargar den har, og kor godt handverket er. Vevnaden var ein stor realitetendel av det kunstnariske miljøet heime hos Astrup-familien. Difor er denne så viktig å få vist i kunstutstillinga. Det gler vi oss til, seier Halvorsrud.

Avbilda oljemåleri av kvinne med oppsett hår, svart kjole med raudt sjal, strikkar sokkar.
Oljemåleri av Petra Astrup.

Les du om oppveksten til Nikolai Astrup på nettstader som Store norske leksikon eller Wikipedia, får du fort ei oppfatning om at Astrup vart kunstnar, trass i faren sin store motstand. Mora Petra er det vanskeleg å finne spor av.

– Den biografiske myta om at Nikolai Astrup berre møtte motstand frå sin konservative prestefar, at han vart kunstnar mot alle odds, har eg korrigert i doktorgradsavhandlinga mi. Astrup kom frå ein kreativ heim. Prestegarden var ein viktig institusjon og arbeidsplass i bygda med eit rikt læringsmiljø. Mora Petra vevde, og stilte ut vevnader på utstillingar både lokalt, og i Bergen, Kristiania og Trondheim. Ho hadde og ein tilsett vevar hjå seg. Med inntekter frå sal av vevnader finansierte ho utdanninga til barna, og ho inkluderte barna i vevstova. Astrup teikna mønster til vevnadene hennar og lærte slik mykje om fargar og komposisjon heime, seier ho Halvorsrud.

Både preseston og vevarson

Ho er opptatt av å få fram dette med at faren sin sterke motstand berre var ein liten del av heilskapen. Sjølv om Astrup var presteson, var han like fullt vevarson. Moras vevstove og heimen var   ei inspirasjonskjelde for kunstnaren. Dette perspektivet har biografane lagt lite vekt på tidlegare.

–  Dei gamle gode mytane er så seige. Dei sel ideen om ein eksentrisk, lidande kunstnar. Det er jo tusen år gamle historier vi fortel igjen og igjen. Dei dukkar opp i mange kunstnarbiografiar, men når det gjelder Astrup var nok realiteten  meir nyansert, seier ho.

Gestikulerande kvinne i strikkegensar framfor måleri.
Kesial Halvorsrud er opptatt av at den kreative heimen til Astrup også inkluderte utmark og stølsliv. Her ved biletet "Sæterhaugen ved Jostedalsbreen".

Halvorsrud er opptatt av heilskap og heimen som eit heile, med både hus, tun, innmark, utmark, stølar og fjell. Bygda og nettverk i bygda. Ho har også ei inkluderande tilnærming som utfordrar det tradisjonelle hierarkiet, der fleire kreative aktørar i heimen er inkludert. Ikkje minst mora Petra Astrup.

– I biografiane har ho vore ein stum statist, der ein kan lese at mor og nokre venninner driv med veving. Eg har funne at verksemda hennar gjorde heimen til eit viktig læringsmiljø for Astrup. Denne familiekulturen frå oppveksten tok han inn i sin eigen familie. På Sandalstrand samarbeidde han med kona Engel Astrup i det eg vil beskrive som ein heim med eit kunstpedagogisk miljø og verkstadskultur, seier ho.

Utstilling over tre etasjar

Denne fortellinga vil vi finne att i utstillinga. Kvar av dei tre etasjane får sitt eige tema som kretsar rundt den kreative heimen.

  • Hovudetasjen – ein kreativ heim. Her får vi sjå motiv frå hagen, stølen og innandørs.

  • Andre etasje – prestegarden. Her får vi sjå bilete at korleis prestegarden var eit læringsmiljø. 

  • Kjellaren – verkstad. Her får vi sjå verk som illustrerer det kreative familielivet til Astrup på Sandalstrand.

Smilande kvinne med briller i eit kvitt galleri, held opp eit trykk av Astrup.
Papirkonservator Kari Greve er leigd inn for å gjere ei såkalla tilstandsvurdering på all grafikken som skal med i utstillinga. Ho studerer alle verka nøye, og rapporterer på korleis stoda er. Papir er skjørt, og kan bli påverka av til dømes både innramming og sol.

– Utstillinga vert ei blanding av oljemåleri, grafikk, teikningar og tekstilar. Med nokon av designgrepa håpar vi også å skape ei litt lun stemning. Det er jo heimen som er hovudramme for forteljinga. I eitt av verka har vi funnet ein fin korngul nyanse, men vi finn også andre spennande fargar vi vurderer å ha med. Eg trur det vil gjere seg veldig her, seier Prestegård.

– Vi håpar å kunne vise at ein heim er mykje meir enn eit hus. Vi løftar også fram hagen som et viktig læringsmiljø i heimen, noko som var essensielt for Astrup-familien. Nikolai Astrup lærte mykje ved å vekse opp i prestegarden, som hadde bygdas flottaste og rikaste hage. Dei hadde også rikeleg plass til å utfolde seg, som stølane og fjellheimen. Vi ønskjer å formidle det rike læringsmiljøet i alle heimen sine forgreiningar, avsluttar Halvorsrud.

Portrettbilde av smilande kvinne med gamalt trebygg i bakgrunnen.
Kesia Halvorsrund meiner at Nikolai Astrup tok med seg det kreative læringsmiljøet han vaks opp i, til småbruket og hans eigen familie på Sandalsstrand.

Utstillinga opnar 23. mai, og står fram til hausten.

Opplev i Astruptunet

Sjå meir