Astruptunet Astruptunet
astruptunet/astruptunet_msf_05093_39776065.jpg.

Kveldsvandring i Astruptunet

Tidspunkt til
Stad Astruptunet

Kveldsvandring i tunet

Opplev tunet i skumringstimen på vandring mellom stiar og frukttre. Med vår kveldsvandring får du oppleve Nikolai og Engel Astrup sin unike heim og arbeidsplass ved Jølstravatnet. Her får du høyre historia om korleis dei forvandla ein bratt og ugjestmild husmannsplass til eit levande kunstverk i landskapet.

Omvisinga tek deg med gjennom tunet og hagen, der vi fortel om Nikolai si planteglede, kunstnarlege prosjekt og livet på staden, og om Engel Astrup si viktige rolle som drivkraft i arbeidet med å ta vare på og utvikle staden etter mannen sin død. Tunet og hagen har gjennomgått større endringar dei siste åra, med ei tilbakeføring til Nikolai og Engel si tid. Vandringa gir innblikk i den omfattande restaureringa tunet har vore gjennom.

Datoar for kveldsvandring

ONSDAG 27. AUGUST - KL. 18.00 - 19.30

ONSDAG 10. SEPTEMBER - KL. 18.00 - 19.30

Praktisk informasjon:

📍 Oppmøte i kafeén før start. Vi startar kl 18.00.

📅 Omvisinga varer ca. 90 min, med tid til å sjå seg rundt i galleriet og husa mot slutten for dei som ynskjer det.

🎟️ Eigne billettar for kveldsvandring. Billettar til ordinær omvising gjeld ikkje.

👟 Kle deg etter veret, vi held oss hovudsakleg ute.

Planlegg besøket ditt

Kjøp billett til kveldsvandring

Opningstider

11. august — 14. september
Fredag - søndag kl.11.00 - 16.00, onsdag kl. 17.00 - 19.00.
Sluttdato er ikkje endeleg.
Ta kontakt for besøk og omvising utover våre opningstider.

Prisar

  • Galleri, vaksen: 130,-
  • Galleri, student/honnør: 100,-
  • Galleri, barn (under 18 år): gratis
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, vaksen***: 150,-

Her er vi

Astruptunet
Nikolai Astrups veg 1135
6847 Vassenden