Astruptunet Astruptunet
foto med epletre og tun i bakgrunnen.

Sommarvandring i Astruptunet - onsdagar i juli

Tidspunkt til
Stad Astruptunet

Sommarvandring i juli - kvar onsdag i Astruptunet

Kvar onsdag i juli kan du bli med på ei sommarvandring gjennom hagen i Astruptunet. Nikolai og Engel Astrup sin unike heim og arbeidsplass ved Jølstravatnet. Her får du høyre historia om korleis dei forvandla ein bratt og ugjestmild husmannsplass til eit levande kunstverk i landskapet.

Omvisinga tek deg med gjennom tunet og hagen, der vi fortel om Nikolai si planteglede, kunstnarlege prosjekt og livet på staden, og om Engel Astrup si viktige rolle som drivkraft i arbeidet med å ta vare på og utvikle staden etter mannen sin død. Tunet og hagen har gjennomgått større endringar dei siste åra, med ei tilbakeføring til Nikolai og Engel si tid. Vandringa gir innblikk i den omfattande restaureringa tunet har vore gjennom og ein liten smakebit frå vår eigen kjøkkenhage.

Datoar for sommarvandring

ONSDAG 01. JULI - KL. 14.00 - 15.30

ONSDAG 08. JULI - KL. 14.00 - 15.30

ONSDAG 15. JULI - KL. 14.00 - 15.30

ONSDAG 22. JULI - KL. 14.00 - 15.30

ONSDAG 29. JULI - KL. 14.00 - 15.30

Praktisk informasjon:

📍 Oppmøte i kafeén før start. Vi startar kl 14.00.

📅 Omvisinga varer ca. 90 min, med tid til å sjå seg rundt i galleriet og husa mot slutten for dei som ynskjer det.

🎟️ Eigne billettar for sommarvandring. Billettar til ordinær omvising gjeld ikkje.

👟 Kle deg etter veret, vi held oss hovudsakleg ute.

Sommarvandring i juli er eiga omvising med fokus på uteområda i Astruptunet, og gjennomførast kvar onsdag kl. 14.00 i juli. Våre ordinære omvisingar i tunet og huset er tilgjengeleg gjennom heile dagen gjennom i sommarsesongen.

Planlegg besøket ditt

Kjøp billett til sommarvandring

Opningstider

1. januar — 22. mai
Ikkje faste opningstider. Hald deg oppdatert på våre heimesider og kanalar. Ta kontakt for besøk og omvising utover våre opningstider.

Prisar

  • Galleri, vaksen: 140,-
  • Galleri, student/honnør: 110,-
  • Galleri, barn (under 18 år): gratis
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, vaksen***: 170,-

Her er vi

Astruptunet
Nikolai Astrups veg 1135
6847 Vassenden