Astruptunet Astruptunet
astruptunet/hagen_i-hagen.jpeg.

Utstilling: Ein kreativ heim

Tidspunkt til
Stad Astruptunet, galleriet

Velkommen inn i årets utstilling

Nikolai Astrup er ofte skildra som «heimen og familien sin målar». Han måla ofte barndomsheimen sin, prestegarden i Jølster, og då han og Engel Astrup flytta til Sandalstrand, vart også den nye heimen deira eit sentralt motiv. I den nye utstillinga "Ein kreativ heim" møter du Nikolai nettopp på heimebane, med familie og kvardagsliv som set kunsten i eit nytt lys.   

Myteknusing

Ei seigliva myta om Nikolai Astrup er at han kom frå ein fattig heim utan interesse for kunst og kultur. Denne forteljinga står sterkt i ein lang tradisjon der kunstnarliv vert skildra som ei helteforteljing, der geniet mot alle odds blir kunstnar. Ny forsking knuser myten om Astrup som ein einsleg og merkeleg begava kunstnarspire.

astruptunet/2_20150610-dsc_5740.jpg.
Nikolai og Engel Astrup, med Nikolai sine søsken og foreldre i prestegarden på Ålhus.

Heimen som læringsmiljø

Ved å sjå på betydninga av familien som institusjon, og heimen som kulturelt miljø, trer kunstnarskapen i større grad fram som eit fellesskap med forgreiningar i fleire kunnskapsmiljø. Ei brikke inn i denne utstillinga er kunstnaren si mor Petra Astrup, som ofte har vore gløymd i forteljinga rundt Nikolai, men er løfte fram i nyare tid grunna hennar koplingar til vevmiljøet i Jølster.

Verka i denne utstillinga er valde ut for å belyse verkstadkulturen rundt Nikolai – eit kollektivt og kreativt samspel i Astrup-familien. Somme av dei er lånte inn frå private eigarar og har ikkje vore synte i tunet sidan Engel og Nikolai Astrup si levetid.

astruptunet/hagen_i-hagen.jpeg.
Nikolai Astrup, "I hagen" 1911-1913, olje på lerret, Haugesund Billedgalleri. Vart selt i 1932, og har ikkje vore utstilt i Jølster sidan den tid.

Eit nytt blikk

Kurator for utstillinga, Kesia E. Halvorsrud, tok si PhD-avhandling i 2023 med tittelen "Gutteboken som kompositum. Nikolai Astrups samling av barne- og ungdomstegninger". Hennar forskning har spesielt løfta fram Petra Astrup, som både lærar og støttespelar for Nikolai. Kesia er til dagleg prosjektleder og kurator ved Nikolai Astrup forskingssenter ved Kode i Bergen.

Utstillinga er mogleg med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Vi vil og takke private utlånarar, Haugesund billedgalleri og Kode i Bergen for velvilje og samarbeid.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. januar — 22. mai
Ikkje faste opningstider. Ta kontakt for besøk og omvising for grupper. Sesongopning laurdag 23. mai.

Prisar

  • Omvising i kunstnarheim + galleri, vaksen*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, student/honnør*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, barn (under 18 år): gratis
  • Galleri, vaksen: 140,-

Her er vi

Astruptunet
Nikolai Astrups veg 1135
6847 Vassenden