Eikaasgalleriet Eikaasgalleriet
Kvinne midt i eit rom med tekstilar rundt seg.

LIVSNERVEN - frå stove til atelier

Tidspunkt til
Stad Eikaasgalleriet

Tekstil har vore ein  del av vår kultur, både som eit praktisk materiale og som ei kunstform. Fargar, mønster og teksturar fortel ei historie, men uttrykkjer også identitet og kreativitet. I utstillinga "LIVSNERVEN - frå stove til atelier" vil ein treffe fleire skikkelsar innanfor vev- og heimeyrketradisjonen i Jølster, og koplingane vidare ut frå stovene.  Koplingar som har vore viktig for sysselsetting, men ikkje minst for kreativt samarbeid og bulyst. For miljøa dei kjende kunstnarane Nikolai Astrup og Ludvig Eikaas skapte og vaks opp i, gav næring til kvinner i bygda med lange trådar til byane. 

NRK: Tonevev frå Jølster - Alvhild Viken Øvrebø i Lindtunet. 1987

Jølster har hatt mange stover med heimeindustri. I stovene var veven først eit nyttereiskap der varme ulltepper, stoff til klede, hestedekke og brureåkle blei laga. Etter kvart har desse blitt pryd til vegg og bord. Veving vart ei bærande næring for kvinner og mange tente sine første eigne kroner, på dette arbeidet, i ledige stunder på gardsbruket. 

Til å fortelje nokre av desse historiene, stig vi inn i stover som tek med seg gamal tradisjon inn i nyare tider. Ei rekkje kvinner har hatt stor betyding:

  • Kathinka Lind

  • Magnhild Hegheim

  • Norun Øvrebø

  • Anne Lise V. Øvrebø

  • Andrea Sandnes

  • Ragna Hamar

  • Helga Hamar

  • Olina Fossheim

  • Sigrun Berg

  • Engel Astrup

  • Audhild Viken

Desse er nokre av dei som strakk trådar mellom stover i form av utvikling, tradisjon og nettverk. Langsmed føl vi Ludvig Eikaas sine observasjonar og komposisjonar.  

Kuratorar: Solveig Berg Lofsnes og Olin Steinsvik

Dette er ei utstilling som vil stå i to sesongar; 2025 og 2026.
Somme av verka kan verte skifta ut undervegs.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. mars — 30. mai
Stengt. Vi lagar ny utstilling. Opningsdato vil komme seinare.

Prisar

  • Barn 0-17 år: Gratis
  • Student/honnør: 100 kr
  • Vaksen: 130 kr
  • Gruppe (15+ personar*): 110 kr

Her er vi

Eikaasgalleriet
Jølstravegen 1677
6847 Vassenden