Det ho har funne ut, har ho skrive om i artikkelen «Dei havde det som melkekjør i en kløvereng – Ei studie av sunnfjordamma sin motivasjon og lokale påverknad.» Den er fagfellevurdert av andre forskarar og publisert i bladet Heimen.
Historia om sunnfjordammer er nært og kjært på Sunnfjord Museum. Marte Movik (1814-1904) var ei sunnfjordamme som budde på husmannsplassen, den originale bustaden som sto i Movika og som er bevart i dag som ein del av museumstunet. Konservator Ness seier at ho har vore fascinert av Marte Movik heilt sidan 2016 då ho begynte å jobbe som sommarvert på Sunnfjord Museum. Fascinasjonen for Marte og sunnfjordammene oppstod gjennom formidlinga til dåverande museumsdirektør Gunnhild Systad, og vaks etterkvart som Ness sjølv fekk formidle dette til besøkande på museet.
Forskinga blir til
Då Ness kom attende til Sunnfjord Museum etter fullført utdanning som historikar og lektor ved Universitetet i Bergen, fekk ho etterkvart stilling som konservator på Sunnfjord Museum. Marte Movik var framleis i tankane, og spørsmål om ammer kom lett fram når Ness sette seg ned med museumssamlinga og skulle byrja å forske.
– Eg vart særleg nysgjerrig på kvifor gifte koner reiste frå mann og barn heime for å ta arbeid i Bergen. Korleis vart dei sett på av si eiga samtid – både heime i Sunnfjord, men også av borgarskapet i Bergen? Eg har alltid vore interessert i levde liv, og det har vore motiverande å kunne løfte fram ei gruppe kvinner som har vore lite belyst elles, seier Ness.
Marte Movik budde i Movika med mannen Nils, som var husmann. Ein husmann er ein person som leigde ei tomt for å bu og drive jordbruk. Sjølv om både Nils og Marte var arbeidsame folk, var armoda framleis stor. Dei trong attåtinntekt utanom jordbruket og vintersildfiske som Nils dreiv med. Det var difor, etter dei fekk sonen Kristian, at Marte reiste til Bergen for å tene pengar som amme og barnepike for rike familiar. Ho vart værande i Bergen i elleve år.
Ettertrakta av rikfolk
Korleis var livet for slike Sunnfjordammer som Marte? Og kva tykte samfunnet rundt dei om deira yrkje? Desse spørsmåla utforskar Ness i artikkelen. Ho finn i kjeldene at kvinner frå Sunnfjord til og med var ettertrakta av borgarskapet i Bergen.
– Det er interessant at ein vurderte bondekona som ei god amme, og samstundes hevda at amma ikkje kunne vere ei god bondekone. Ein så tydeleg ide om at bylivet ikkje hadde overføringsverdi til livet som bondekone på sunnfjordbygdene har vore spanande å utforske. Eilert Sundt (samfunnsforskar, 1817-1875) jobba for å motbevisa dette, og hevda at sunnfjordingen utmerka seg i si reinslegheit nettopp på grunn av dei heimvende ammene, og dette brukte han som argument i den nasjonale debatten om lepra.
Hvor man ser sig om på byens gader, ser man disse Søndfjords-ammer med småbørn på armene; jeg synes jeg kjender dem – ikke alene på de sorte huer med fine hvide kanter, men også på deres stilfærdige og troværdige væsen.
– Eilert Sundt
Kjelder frå samtida viser også til at Sunnfjordammer var lett attkjenneleg i «storbyen» med sine høge, svarte konehuer og tradisjonelle kle. Men sjølv om dei heldt i sine skikkar heimanfrå, var jo reisa til Bergen lang og hard i den tida. Kristine fann at mange ammer gjorde som Marte og blei værande ganske lenge i Bergen før dei vende seg heimatt.
Byskikkar i lomma
Då dei for, tok dei ofte byskikkar heim med seg, akkurat slik som dei hadde tatt med seg sine svarte høgehuer på reisa sørover. For Marte Movik var ein slik skikk kanskje å stelle blomster i vindauget – ho er kjed for å ha vore ein av dei fyrste i området som pynta slik med potteplantar i stua.
Korleis forske vidare på sunnfjordammer? Kristine har noko tankar.
– Det står framleis att mykje aktuell forsking på ammene, og eg har fleire spor som eg ikkje fekk inkludert i dette prosjektet. Det hadde vore spanande å sjå nærare på korleis kontakten mellom familiar i Bergen og potensielle ammer i Sunnfjord føregjekk, og samstundes sjå ammene opp mot anna arbeidsmigrasjon og reise i samtida. Det er også mange spanande parallellar til dagens samfunn - til dømes via au-pair ordningar og surrogati.
Vi held fram med å leite i historia her på Sunnfjord Museum. Bli med på eit føredrag med Kristine Ness den 15. desember kl 16.30 - sjå nedanfor.