Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
To jenter sit ved ein skulepult og skriv med blekk og penn.

Museumsbesøk for

Skule og barnehage

Ta elevar og barnehageborn med på museum!

Pedagogiske tilbod for skule og barnehage

Sunnfjord Museum har fleire tilbod til skuleklassar og barnehage. Museumsbesøk gjev elevane opplevingar i fysiske miljø som heng saman med læringsinnhaldet. Dei får bruke alle sansane sine og prøve ulike praktiske øvingar. Tilboda er utarbeida av vår museumspedagog, og dei tek utgangspunkt i skulen sine læreplanar og kompetansemål.

Tilboda er gratis å nytte.

Henning A. Hellebust

Utforsk og bestill på DigitaltMuseum Skole

DigitaltMuseum Skole er den nye nasjonale portalen for undervisingsopplegg på museum. For å utforske og bestille dei forskjellige opplegga vi tilbyr, trykk på knappen nedanfor. Her får du oversikt over trinn, fag, kompetansemål og andre ting du treng å vite for å planlegge. Vel eit opplegg, og fyll ut skjema.

Viktig: Tilboda våre er under utvikling, og endringar kan skje. Nye tilbod kjem til, andre går ut.