Sunnfjord Museum har mange spennande planar og behov for sesongen som kjem. Som frivillig hos oss kan du mellom anna vere med å bidra til formidlingsarbeid og støtte til arbeidsoppgåver ute i friluftsmuseet.
Vi ser mellom anna etter deg som ser glede i å:
arbeide med nytteplantar og blomar i urtehagen vår og i blomsterbed.
vise born og unge i handverks- og husflidsaktivitetar som til dømes strikking, spikking, lage leikebåt, seljefløyte mm.
hjelpe med raking og rydding av småskog, i friluftsmuseet og turstiar rundt museumsområdet.
vere del av eit fellesskap med høve til å delta i ulike prosjekt "bak kulissane" på museet.
...Og kanskje kan du noko vi ikkje visste at vi trengte?
Fyll ut spørjeskjemaet nedanfor for å melde di interesse i å vere frivillig på Sunnfjord Museum.