Områdekart
Sunnfjord Museum ligg i Movika ved E39 mellom Førde og Jølster.
Busshaldeplass: Movika
Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde
Stengd mandagar.
Vi tilbyr omvisingar ved etterspurnad i opningstid, fram til ein time før stenging.
For besøk utanom opningstid, ta kontakt. Eigne prisar er gjeldane for besøk utanom opningstid.
I museumsbutikken finn du eit utval av bøker, gåveartiklar, tradisjonelle leiker, og handverksprodukt laga i Noreg. Vi har servering av kaffi, is, og kioskvarer.
Butikken held ope i museet si opningstid.
Museet har gratis parkeringsplass for besøkande, med tilkomst direkte frå hovudvegen E39.
Merk at camping ikkje er tillate, då dette er ein privat parkeringsplass.
For å kome inn på museumsområdet i opningstida må du kjøpe billett. Dette gjeld uansett om du skal nytte deg av tilboda våre eller ikkje. Du kan kjøpe billett i resepsjonen, eller på nett.
Besøker du Sunnfjord Museum mykje? Kjøp eit årskort! Det kan du bruke hos oss og resten av Musea i Sogn og Fjordane eit heilt år frå kjøpsdato.
Sunnfjord Museum legg ikkje opp til bading. All bading skjer på eige ansvar.
Bruk av open eld, inkludert gasskjøkken (Primus) og røyking, er strengt forbudt i museumsområdet.
Sunnfjord Museum ligg på ein sti som går til Huldefossen. Stien tar ca. ein time tur-retur.
Hugs at du er på eit museum. Respekter tilsette, kulturlandskapet og andre besøkjande.
Besøksbygget har døropnarknapp i 1. etasje og trinnfri inngang. Det er dessverre ikkje heis i besøksbygget, men personar som bruker rullestol eller rullator, kan kome seg inn i utstillingssalen i 2. etasje ved å følgje vegen bak bygget til inngangsdøra der.
Friluftsmuseet har grusveg med varierande tilkomst.
Movika landhandel og Skomakarverkstad (Gulehuset) er den mest tilgjengelege av museet sine antikvariske hus, med rampeinngang og ei sanserik utstilling som er innreidd med rekvisittar ein kan ta på og kjenne på, utstillingstekstar i punktskrift og god belysning. Piknikbenken utanfor Gulehuset er tilpassa slik at personar som bruker rullestol, kan sitje ved bordet.
Elles i tunet er det avgrensa tilkomst til dei antikvariske husa. Vi kan leggje til rette for tilgang til Østenstadstova og Skulestova.
Ta gjerne kontakt på førehand for eit tilrettelagt besøk.