I ei omvising hos oss får du besøke friluftsmuseet, og høyre om museet og korleis livet var i sunnfjordbygdene frå 1800- til 1900-talet.
Vi tilbyr ulike omvisingar, tilpassa høgsesong (mai-august) og lågsesong (februar-april og september-desember.) Du får mellom anna høyre om byggeskikk, kle- og mattradisjonar, folketru, tekstilhandverk, liv og levnad.
Omvisingane blir lagt opp utifrå den enkelte sine interesser, alder og tid. Dei passar difor godt til deg som er over gjennomsnittet interessert, litt interessert, og til barn og unge. Ei omvising tar ca. 45 min. Vi tilbyr også omvising på engelsk.
Omvising i sommarsesong (mai-september):
I denne perioden tilbyr vi omvising der vi besøker 5 antikvariske hus: ei røykstove frå 1500-talet (Østenstadstova), eit loft, stabbur, skulehus og husmannsplass. Bygningane er innreidde, og du får høyre historier om folk som har levd liva sine i nokre av husa. I skulestova kan du prøve å skrive med blekk og penn.
Omvising i lågsesong (februar-april og oktober-november): Vi besøker nokre av dei antikvariske husa. Du får høyre om livet i klyngetunet på sunnfjordbygdene, og kva arbeid som høyrte til garden på dei ulike tidspunkta på året. Mykje av omvisinga skjer ute i tunet, så vi oppfordrar deg til å kle deg etter været!
Jul på museet: I slutten av november og fram til jul har vi julepynta i Østenstadstova, og stova på husmannsplassen. I dei to stovene får du eit innblikk i korleis det kunne sjå ut på julekvelden og i julehøgtida, på høvesvis i starten og slutten på 1800-talet.
I besøksbygget finn du utstillingssalen i 2. etasje. Her har vi skiftande utstillingar: eigenproduserte eller vandreutstillingar. Om det er ynskjeleg, kan vi tilby omvising i den då gjeldande utstillinga.
Skreddarsydd omvising og gruppebesøk
Er det tema du har særskilt interesse for, ta kontakt med oss for eit tilbod om eit skreddarsydd opplegg.
Ynskjer du å besøket museet med skule eller barnehage? Trykk på knappen for å sjå kva vi tilbyr.
Reiser du med ei gruppe på 10 personar eller fleire? Då ynskjer vi at de tar kontakt på førehand.
