Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Utsnitt av odekorerte langbord til bryllaup. Borda er pynta med kvite dukar, stearinlys, serviettar med namnelappar og blomar.

Utleige

Ynskjer du eit lokale med spesiell atmosfære for arrangementet ditt?

Vi tilbyr utleige både til firma og privatpersonar. 

Sunnfjord Museum har innreidd to antikvariske hus slik at dei kan nyttast til utleige. Dei passar til fleire typar arrangement, som bryllaup, konfirmasjonar, åremålsdagar, firmafestar med meir.

Vi tilbyr ikkje matservering, så all utleige er basert på at leigetakarar ordnar med- eller bestiller mat sjølve. Det same gjeld også pynting og oppdekking.

Uteområde

I sommarhalvåret kan uteområdet nede ved Movatnet leigast for grupper. Vi gjer merksam på at det er ikkje lov til å grille i museumstunet og at vi ikkje lengre har grillar til utleige i tunet.

På arrangement i museet sin regi kan det vera opent for grilling. Dette etter ei risikovurdering gjennomført av museet.

Frå 1. juni – 31. august er museet ope for publikum. Dette vil ikkje få følgjer for utleigehusa, men rydding ute i tunet må vere unnagjort før museet opnar. Ver også merksam på at det kan vera andre besøkande på området.

Utleigehusa er ein del av Sunnfjord museum si unike samling av antikvariske bygg. Det er difor noko avgrensa bruk av husa. Dette betyr mellom anna:

-Bruk av spikar/teiknestifter for oppheng i husa er bare lov etter løyve frå museet sitt fagpersonale

-All bruk av eld er forbode i husa og på museumsområdet. Det gjeld også bruk av stearinljos og grillar.

-Opptenning av bål eller eingongsgrill er strengt forbode.

- Telt eller liknande i friluftsmuseet er berre lov å sette opp etter løyve og anvising av museet sitt fagpersonale.

Ta gjerne kontakt med oss for ei synfaring for å gå gjennom løysingar

Praktisk informasjon

Utleigeavtala gjeld frå kl. 12.00 utleigedagen til kl. 12.00 dagen etter om ikkje anna er avtalt. Ved utleige over fleire dagar (t.d. til oppdekking, pynting og rydding) kjem eit tillegg i prisen på 20 % pr dag (frå kl. 12.00 til kl. 12.00 dagen etter).

Leigetakar må sjølv syte for henting av nøklar (mån – fre 08.00 – 15.30) og levere dei attende første kvardag etter utleige.

Utleigar blir fakturert elektronisk i ettertid (om ikkje anna er avtalt).

Lokale

Andre tenester

sunnfjord-museum/sunnfjord_utvikling/sunnfjordmuseum-13.jpg.

Utleige av uteområde

Les meir

Møter

Vi tilbyr leige av møterom på dagtid for bedrifter og organisasjonar. Pris for dette er 350 kroner per time. Dette inkluderer møterom i Halbrendhuset, internett, projektor, lerret, dekketøy og bruk av kjøken.

sunnfjord-museum/utleige/sersjantløa/img_7423.JPEG.

Bryllaupspakke

Les meir

Oppsett av telt og/eller kjøletilhengar

Gratis. Berre mogleg på tilvist plass (Må ordnast sjølv).

Leige av prosjektor/lerret

I samband med husleige

Pris: kr 100,-