Sunnfjord Museum

Om Sunnfjord museum

Sunnfjord Museum er eit friluftsmuseum som formidlar kulturhistorie og immateriell kulturarv frå Indre Sunnfjord. Museet formidlar eit klyngetun og har totalt 33 antikvariske bygningar i friluftsmuseet, som viser byggeskikk og levesett frå 1500- til 1900-talet. Sunnfjord Museum har ope året rundt med aktivitetsdagar, kurs, konsertar, utstillingar og sesongmarkeringar. Vi bevarer også kulturlandskap og naturhistoriske turløyper, og har skiftande utstillingar i besøksbygget. Vi er ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, som til saman består av 13 museum som formidlar kulturhistorie og kunst i gamle Sogn og Fjordane fylke.

Våre andre museum

Sjå alle