Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum

Om museumstilbodet

Vel møtt til Sunnfjord Museum! Vi har åpent heile året, og har skiftande utstillingar, museumsbutikk og friluftsmuseum der du frå juni til oktober får individuelle omvisingar. Vi tilbyr også kurs og har brei kulturhistorisk kompetanse.

På Sunnfjord Museum får du lære om livet i dei indre sunnfjordbygdene. Vi har 32 historiske bygg, som er sett opp for å syne eit tradisjonelt tobølt tun, husmannsplass og støl. I tillegg har vi skulehus og fleire enkeltståande bygg. Gjenstandssamlinga vår er variert og spenner over fleire hundre år, og vi har også ei stor fotosamling.

Sunnfjord Museum opna i Førde i 1926, og vart flytt til Movika på 1950 talet.

Aktivitetar og opplevingar

Vi held ope heile året, og har aktivitetar og arrangement sommar som vinter. I sommersesongen er fleire av dei historiske bygga opne og vi tilbyr individuelle og tilrettelagte omvisingar for alle besøkande på norsk og engelsk. Fleire turløyper har også start på museumsområdet.

Gut som spenner boge og siktar med pil mot ein rund blink framfor seg
Bogeskyting i Sersjantløa

Skiftande utstillingar og museumsbutikk

Vi legg opp til tre skiftande utstillingar i året, både eigenproduserte og vandreutstillingar. I velkomstbygget vårt har vi også museumsbutikk med eit utval av kulturhistoriske bøker, gaveartiklar, tradisjonelle leiker og handverksprodukt. Vi har også sal av kaffi, is og kioskvarar. Museumbutikken er open i museet sine opningstider.

Frå utstilling FRITID 2022. Frå venstre: tre ski og to stavar. manekeng med raud treningsgenser og svart shorts. Bygdekinoplakat. Kostyme: Ulv og raudhette. Raud tromme og oransje fluktstol
Frå utstillinga FRITID, sommaren 2022. Foto: Marie Nicolaisen/Musea i Sogn og Fjordane

Kurs og pedagogiske tilbud

Vi arrangerer kurs utanom sommarsesongen der du kan lære tradisjonelt handverk og tradisjonar. I samband med skuleverket og andre samarbeidspartnarar tilbyr vi pedagogiske tilbud for ulike aldersgrupper.