Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/sunnfjord_utvikling/sunnfjordmuseum-15.jpg.

Friluftsmuseet

Stad Sunnfjord Museum

I friluftsmuseet finn du 32 antikvariske bygg. Utgangspunktet er eit tobølt tun, husmannsplass og ein støl. Vi har også ei skulestove frå 1891. Tre av bygningane er frå den opphavlege husmannsplassen Movika medan resten av husa er flytta til museet frå bygdene i indre Sunnfjord. Alderen på bygga spenner frå 1500-talet fram til 1900-talet. Delar av området blir skjøta som tradisjonelle kulturlandskap. I tillegg finn du ein urtehage, og turstiane Mostien og Dyreløypa som begge har start frå museumsområdet.
I 2026 opnar vi to bygningar som blir tilgjengelege for besøkande.

Museumsområdet er ope for besøkande heile året.
Friluftsmuseet ligg i ei betalingssone, og i opningstida skal alle som vil inn på området løyse billett i resepsjonen.
Likar du å bruke området vårt regelmessig til rekreasjon oppmodar vi deg til å kjøpe eit årskort.

Omvising i friluftsmuseet og i dei antikvariske husa

Inkludert i billetten er ei omvising. I omvisinga går vi inn i fleire av bygningane, og du kan lære meir om bygga og Sunnfjord si historie. Siste omvising er ein time før stengetid, og omvisinga varer i ca. 45 min. Kva type omvising vi tilbyr vil variere etter årstid. Du kan lese meir om omvisingane våre her

Tilgjenge for folk med nedsett rørsle
Friluftsmuseet har grusveg, med varierande tilkomst. Det er dessverre avgrensa tilgang for rørslehemma besøkande i dei antikvariske husa, men vi kan legge til rette for tilkomst i Østenstadstova og skulestova. Ta gjerne kontakt på førehand.

Ingen grilling eller bruk av eld på området

Det er ikkje lov med grilling eller annan bruk av eld i friluftsmuseet. Vi ber om at alle som brukar området syner hensyn til dei verdifulle bygga på området.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. februar — 31. mai
tysdag til fredag 10:00 - 15:00
Vi held stengt dei raude dagane i påske og i mai.

Prisar

  • Vaksne: 130 kr
  • Honnør/Student: 100 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde