Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Nærbilde av lita, rosemala kiste.
Samling, forsking og bevaring

Samlinga vår er ein viktig del av kulturarven i Sunnfjord. Den er grunnlag for forsking, bevaringsarbeid og utstillingar. Les om arbeidet, søk i samlingane eller finn ut korleis kontakte oss med spørsmål om samlingane.

Heilt sidan skipinga av Sunnfjord sogelag i 1910, har det blitt samla inn gjenstandar som Sunnfjord Museum no har i samlinga si. Den gong var føremålet å «samle og verne om det som vitnar om liv og hendingar i farne tider». Då museet opna i 1926, var det med ein god start på 500 gjenstandar. Sidan den gongen har det skjedd mykje, både når det gjeld innsamling, forsking og bevaring av samlinga.

Samlinga vår

Samlinga til Sunnfjord Museum er hovudsakeleg kulturhistoriske gjenstandar brukt, og gjerne produsert, i Sunnfjord. Tekstilsamlinga er ein stor og viktig del av den. Ein annan viktig del er også dei mange tregjenstandane som representerer Viksdalsmåling, blant mykje, mykje anna.

Av bygningar nemner vi ein husmannsplass, eit klyngetun, loft, ei nystove og ei skulestove. Vi har også ei variert fotosamling, i hovudsak bilete frå Førde og Jølster, av fotografane Elias Eide, Tollef Sandal, Nicolai Berg og Olai Fauske, -sistnemnde i samarbeid med Fylkesarkivet.

Det er konservatoren vår som har ansvaret for at samlinga vert tatt vare på. Det betyr mellom anna å sjå til at den er lagra forsvarleg, og at gjenstandane er registrert og tilgjengelege for ålmenta, mellom anna på digitaltmuseum.no.

Forsking og bevaring

Vi driv også med forsking og kunnskapsutvikling på Sunnfjord Museum. Vi forskar på samlinga, gjenstandar, bygningshistorikk og levd liv.

Sunnfjord Museum har to handverkarar som har som oppgåve å vedlikehalde og restaurere dei kulturhistoriske bygningane. Dei brukar i stor grad tradisjonelle handverksteknikkar og material frå lokale leverandørar.

Tenester

Sunnfjord Museum vil så langt råd legge til rette for at publikum skal få innblikk i samlinga vår på ulikt vis. Avhengig av kva ønskjer og behov du har, anbefalar vi at du trykker deg vidare via boksane nedanfor. Finn du ikkje det du leitar etter, ta kontakt med oss her.