Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Collage av bilder av gjenstandar, kunst, treskjæring, verktøy.
Søk i samlinga

Vi har fleire tusen gjenstandar, foto og bygningar registrert i Digitalt museum. Les meir og søk i samlingane her!

Sunnfjord museum har ei stor samlinga av gjenstandar, kulturhistoriske bygg og fotomateriale. Gjenstandane speglar dagleglivet til folk i Sunnfjord, medan bygga syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Mange av desse gjenstandane, bygga og fotoa kan du finne på Digitalt museum. Det er Norges store offisielle felles database som dei fleste musea i Norge brukar til å registrere og vise sine gjenstandar. Du kan søke i samlinga vår ved å trykke på knappen nedanfor. Les gjerne desse søketipsa før du set i gong.

Dersom du ønskjer å fysisk sjå gjenstandar i samlingane eller vurderer å gje oss ein gjenstand eller har andre spørsmål om samlinga, gå til denne sida og finn ut korleis du går fram.

Gjenstandar

Gjenstandssamlinga ved Sunnfjord museum er hovudsakleg samansett av kulturhistoriske gjenstandar brukt og gjerne produsert i Sunnfjord.

Svart bunadsliv med broderi langs brystet.

Dei første tilsette ved museet hadde særleg god kunnskap om tekstilar. Det ber samlinga preg av.

Blant mykje anna, har Sunnfjord Museum ei større samling med jordbruksreiskap og tregjenstandar med Viksdalsmåling, svimerking, karveskurd.

Barndom og ungdomstida har vore eit satsingsområde for innsamling dei seinare åra, ettersom dette er lite representert i den eldste delen av samlinga.

Fotografi

Sunnfjord museum har mellom anna biletsamlingar frå fleire fotografar frå Sunnfjord, som Elias Eide, Tollef Sandal og Nicolai Berg. Vi har også eit samarbeid om bileta til Olai Fauske med Fylkesarkivet, som har digitalisert hovuddelen av bileta hans.

Collage av ulike svart-kvitt portrett-foto.
Ein vegg med portrett-foto av Olai Fauske

Bygningar

Den tidlege innsamlinga ved Sunnfjord Museum var prega av at ein ønskte å verne eldre bygg i Sunnfjord. Østenstadstova vart tatt inn alt i 1913. Då museet vart flytt til Movika i 1951 vart det vedtatt å setja opp eit tobølt klyngetun med tilhøyrande bygningar i tilknyting til husmannsplassen. Det har vidare vorte drive aktiv innsamling til dette tunet.

Luftfoto av museet - gamle trebygg med torvtak, grusvegar mellom tuna, strand med naust.
Sunnfjord museum sett frå lufta.