Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/thomas_bickhardt/sunnfjord-museum-thomas-bickhardt-bickfoto-(5).jpg.

Om Sunnfjord Museum

Historia

"...jeg har sett mange museumsområder gjennem årene, men sjelden har jeg sett noe så vakkert og selvfølgelig som Movika".

Formann i Museumsforbundet, Robert Kloster, ved nyopning av museet i Movika.

Som mange av dei andre norske folkemusea vart Sunnfjord museum skipa på starten av 1900-talet. Nasjonalkjensla sto sterkt rundt unionsoppløysinga i 1905, og det var eit stekt ynskje over heile landet om å ta vare på norske tradisjonsuttrykk.

Sunnfjord sogelag vart skipa i 1910, og eit av måla var å få grunnlagt eit museum for regionen. Sunnfjord museum opna i 1926, og låg då nede i Førde sentrum.

Frå Førde til Movika

Området i Førde sentrum var ikkje ideelt, og museet vart flytt opp til Movika i 1950-51. Tre antikvariske hus vart då flytt opp. Dei neste 20 åra vart fleire hus sett opp, og friluftsmuseet slik vi kjenner det i dag byrja å ta form. I dag er det 32 antikvariske bygg som er del av friluftsområdet, med eit spenn frå 1500-talet fram til 1900-talet.

Movika

Movika er ein gamal husmannsplass tilhøyrande Mo. Tre opphavlege hus som sto på området er ein del av bygningssamlinga, og historia både til plassen og dei som har budd her er ein vesentleg del av formidlinga.

Statlege tilskotsorningar - tilsette og driftsbygg

I 1975 kom det statlig tilskotsordninger for halvoffentlige museum, som endra tilhøva for museum rundt om i landet. Dette var også tilfelle for Sunnfjord museum og i 1978 kunne museet tilsette eigen styrar. Kort tid etterpå kunne eit eldfast kontor og utstillingsbygg, og etterkvart verkstad realiserast. I dag er det 6 tilsette som har arbeidstad på Sunnfjord museum.

Inn i Musea i Sogn og Fjordane

Som i andre delar av landet vart fleire sjølvstendige museum i gamle Sogn og Fjordane konsolidert, og frå 1. januar 2009 vart Sunnfjord Museum ein del av Musea i Sogn og Fjordane. I nye Vestland fylke er Musea i Sogn og Fjordane ein av tolv samanslåtte museum.

Toppbilde: Thomas Bickhardt/Bickfoto

Planlegg besøket ditt

Les meir

Opningstider

1. februar — 2. juni
Tysdag til fredag 10-15.
I påskeveka har vi ope måndag 25.- onsdag 27. mars.
Vi held stengt 2.- 5. april og heilagdagane i mai.

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde